Arbeidsopplegg for elektrofag
Under finn du arbeidsopplegg og oppgåver som er tilpassa utdanningsprogram for elektrofag. Opplegga baserer seg på bruk av Internett. Du
finn forslag til tema som høver godt for tilpassing til dei ulike utdanningsprogramma, og oppgåver innanfor nokre av desse temaa.
Tema der ein kan rette arbeidet spesielt inn mot programområdet:
Kapitla 11 og 12, om studie- og yrkesval, om arbeidslivet og organisasjonane der, og om bedriftsetablering.
Fagforeiningsarbeid
Nedanfor finn du lenkjer til fagforeiningar som kan vere aktuelle for deg i framtida.
Vel ei av foreiningane og lag ein presentasjon av henne. Du bør kome inn på kva saker fagforeininga er oppteken av og gjere greie for
desse, korleis foreiningane er organiserte og kva fordelar du har av å vere medlem i fagforeininga.
Nettstader
www.lo.no
Nettsidene til LO - Landsorganisasjonen i Norge
www.fellesforbundet.no
Nettsidene til Fellesforbundet
www.ys.no
Nettsidene til YS - Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
www.nito.no
Nettsidene til Norsk ingeniør- og teknologiorganisasjon
www.itforbundet.org
Nettsidene til It-forbundet
www.elektroarbeidernes-fagforening.org
Nettsidene til Elektroarbeidernes fagforening
www.heis.no
Nettsidene til Heismontørenes fagforening
www.elogit.no
Nettsidene til El og It-forbundet
Jobben min i framtida?
Veit du kva du skal bli når du blir stor? Dette prosjektet går ut på å finne ut mest mogleg om eit yrke du kunne tenkje deg.
Vel deg eit yrke, og svar på problemstillingane under.
-
Korleis kan du utdanne deg til dette yrket?
-
Kva går arbeidet ut på?
-
Korleis er lønnsforholda i yrket?
-
Kva kan du finne ut om det fysiske arbeidsmiljøet på arbeidsplassar i dette yrket?
-
Kva for fagforeining/ar finst for dette yrket? Kva mål arbeider fagforeininga/ne for?
-
Korleis er arbeidsmarknaden i dette yrket? Er mange arbeidslause?
Nettstader
www.mesterbrev.no
Nettstaden mesterbrev.no har informasjon om dei ulike meisterfaga, om sveine- og meisterprøver, og om arbeidet i dei ulike fagområda
www.ssb.no
Statistikk om arbeidsliv, yrkesdeltaking og lønn frå Statistisk Sentralbyrå
www.aetat.no
Statistikk over arbeidslause, sjå ulike yrke (pdf)
www.fellesforbundet.no
Fellesforbundets nettsider
www.ys.no
Nettsidene til YS - Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
www.nito.no
Nettsidene til Norsk ingeniør- og teknologiorganisasjon
www.itforbundet.org
Nettsidene til IT-forbundet
www.elektroarbeidernes-fagforening.org
Nettsidene til Elektroarbeidernes fagforening
www.heis.no
Nettsidene til fagforeiningane for Heismontørane
www.elogit.no
Nettsidene til El- og IT-forbundet
www.nelfo.no
Nettsidene til NELFO
Energi og miljø
I dette prosjektet skal du arbeide med energi og miljø. Du kan lage problemstillingar sjølv, eller velje ein eller fleire av
problemstillingane her.
Moglege problemstillingar:
-
Kva for energiformer er mest miljøvennlege? Her må du gjere greie for kva dei ulike energiformene går ut på og kvifor dei
er miljøvennlege.
-
Kva fordelar og ulemper er det ved dei miljøvennlege energiformene?
-
Kva kan gjerast for å gjere dei tradisjonelle energiformene meir miljøvennlege?
-
Kva må gjerast for at vi skal bruke meir miljøvennleg energi?
Nettstader
www.naturvern.no
Naturvernforbundets sider om energi og klima
www.solenergi.no
Nettsidene til Norsk solenergiforening
www.nobio.no
Nettsidene til Norsk bioenergiforening
www.bellona.no
Nettsidene til Bellona om energi
Prosjekt: Energi i EU
Målet med prosjektet er å finne ut mest mogleg om EUs energipolitikk, om korleis dette påverkar Noreg og om EØS-avtalen og
energi. Bruk nettstadene nedanfor og lag ein presentasjon av energipolitikken i EU og EØS og korleis dette påverkar norsk energipolitikk.
Moglege problemstillingar:
-
Kva går EUs energipolitikk ut på?
-
Korleis påverkar EUs energipolitikk Noreg?
-
Kva seier EØS-avtalen om energi?
-
Korleis påverkar innhaldet i EØS-avtalen Noregs energipolitikk?
-
Kva går Noregs energipolitikk ut på?
Nettstader
www.tu.no
Artikkel frå Teknisk ukeblad om EU og energi
www.regjeringen.no
Artikkel om EØS-avtalen og energi frå nettsidene til Olje- og energidepartementet
www.regjeringen.no
Om EUs energipolitikk frå nettsidene til Olje- og energidepartementet
www.regjeringen.no
Nettside om Noreg, EU og EØS og energi.
Her finn du også lenkjer
Nytt om elektrofag
Under finn du lenkjer til nettstader som tek for seg aktuelle saker om elektrofag. Vel ei aktuell sak og hald eit miniforedrag om henne for
klassen.
Nettstader
www.tu.no
Teknisk ukeblad
www.teknologisk.no
Teknologisk institutt
Energi - statistikk
Under finn du ei lenkje til nettsidene om energi hos Statistisk Sentralbyrå.
I denne oppgåva skal du bruke statistikk og finne fram til opplysningar om energi ut frå tabellar. Du skal lage ein presentasjon av eit
tema innanfor energi. Du kan lage eit foredrag, ein rapport, skrive ein artikkel eller lage ein digital presentasjon. Du kan velje tema innanfor
dei moglegheitene som statistikken gir. Klikk deg fram til tabellane i margen til høgre.
Nettstad
www.ssb.no/energi
Temaside om energi frå nettstaden til Statistisk sentralbyrå
Klimaendringar
-
Kva konsekvensar kan klimaendringar få for deg i framtida?
-
Kva konsekvensar kan klimaendringar få for det du tenkjer deg å arbeide med i framtida?
Nettstad:
Temaside om klima frå forskning.no
. Her finn du oppdaterte artiklar om klimaforsking
Kommenterte lenkjer
Yrkesfagutdanning
www.mesterbrev.no
Nettstedet mesterbrev.no har informasjon om dei ulike meisterfaga, om svenne- og meisterprøver, og om arbeidet i dei ulike fagområda
Fagorganisasjonar
www.lo.no
Nettsidene til LO - Landsorganisasjonen i Noreg
www.loungdom.no
Nettsidene til LO Ungdom
www.nho.no
Nettsidene til Næringslivets Hovudorganisasjon-NHO
www.fellesforbundet.no
Nettsidene til Fellesforbundet
www.ys.no
Nettsidene til YS-Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
www.nito.no
Nettsidene til Norsk ingeniør- og teknologiorganisasjon
www.itforbundet.org
It-forbundets nettsider
www.elektroarbeidernes-fagforening.org
Nettsidene til Elektroarbeidernes fagforening
www.heis.no
Heismontørenes fagforenings nettsider
www.elogit.no
El og It-forbundets nettsider
www.nelfo.no
NELFOs nettsider
Elektrofaglege nettstader
www.tu.no
Teknisk ukeblad
www.teknologisk.no
Teknologisk institutt