Arbeidsopplegg for design og handverk
Under finn du arbeidsopplegg og oppgåver som er tilpassa utdanningsprogram for design og handverk. Opplegga baserer seg på bruk av
Internett. Du finn forslag til tema som høver godt for tilpassing til dei ulike utdanningsprogramma, og oppgåver innanfor nokre av desse
temaa.
Tema der ein kan rette arbeidet spesielt inn mot programområdet:
Kapitla 11 og 12, om studie- og yrkesval, om arbeidslivet og organisasjonane der, og om bedriftsetablering.
I tillegg kan kunst og politikk, politisk kunst osb. vere aktuelle tema til kapittel 7, 8 eller 9.
Fagforeiningsarbeid
Under finn du lenkjer til fagforeiningar som kan vere aktuelle for deg i framtida. Vel ei av fagforeiningane og lag ein presentasjon av foreininga. Du
bør komme inn på kva saker fagforeininga er oppteken av, og gjøre greie for dei, og du bør seie noko om korleis foreininga er
organisert, og kva fordelar du har av å vere medlem i fagforeininga.
Nettstader
www.frisorene.no Nettsidene til Frisørenes Fagforening.
www.arkitektur.no Nettsidene til Norske arkitekters landsforbund.
www.kunsthandverk.no Nettsidene til Norske Kunsthåndverkere.
www.gullsmed.no Nettsidene til Norges Gullsmedforbund.
www.aktivitor.no Nettsidene til Aktivitørenes Landsforbund.
Jobben min i framtida?
Veit du kva du skal bli når du blir vaksen? Denne oppgåva går ut på å finne ut mest mogleg om eit yrke du kunne tenkje deg.
Bestem deg for eit yrke og svar på problemstillingane under.
- Korleis kan du utdanne deg til dette yrket?
- Kva går arbeidet ut på?
- Korleis er lønnsforholda i yrket?
- Kva kan du finne ut om det fysiske arbeidsmiljøet på arbeidsplassar i dette yrket?
- Kva fagforeining eller fagforeiningar finst for dette yrket? Kva mål arbeider fagforeininga eller fagforeiningane for?
- Korleis er arbeidsmarknaden i dette yrket? Er mange arbeidsledige?
Nettstader
www.mesterbrev.no Nettstaden mesterbrev.no har informasjon om dei ulike meisterfaga, om sveine- og meisterprøver og om arbeidet i dei ulike fagområda.
www.khio.no Nettsidene til Kunsthøgskolen i Oslo.
www.khib.no Nettsidene til Kunsthøgskolen i Bergen.
www.frisorene.no Nettsidene til Frisørenes Fagforening.
www.arkitektur.no Nettsidene til Norske arkitekters landsforbund.
www.kunsthandverk.no Nettsidene til Norske Kunsthåndverkere.
www.gullsmed.no Nettsidene til Norges Gullsmedforbund.
www.ssb.no Statistikk om arbeidsliv, yrkesdeltaking og lønn frå Statistisk sentralbyrå.
www.ssb.no Lønnsstatistikk frå Statistisk sentralbyrå.
www.ssb.no/utdanning_tema
www.ssb.no/arbeid Temasider frå Statistisk sentralbyrå om utdanning og arbeid.
Avisteikningar
Avisteiknarar kommenterer aktuelle politiske saker med teikningane sine. Under finn du ei lenkje til nokre norske avisteikningar.
- Kva saker er det avisteiknarane tek for seg?
- Tek teiknarane stilling i sakene? I så fall korleis?
- Lag ei avisteikning til ei aktuell politisk sak.
Nettstad:
http://www.avistegnerneshus.no/ Nettstaden Fredrik Stabel & AvisTegnernes Hus. Her finn du informasjon om avisteikning og eksempel på avisteikningar.
Partilogoar
Under finn du lenkjer til dei politiske partia i Noreg. Kvart parti har ein partilogo.
- Ta for deg partilogoane og gi ei vurdering av dei. Er det ein samanheng mellom utforminga av partilogoane og politikken til partia? I så fall
korleis?
- Vel eit parti og lag ein logo du synest passar til dette partiet.
Nettstader
www.dna.no Nettsidene til Det norske Arbeidarparti.
www.frp.no Nettsidene til Framstegspartiet.
www.hoyre.no Nettsidene til Høgre.
www.krf.no Nettsidene til Kristeleg Folkeparti.
www.kystpartiet.no Nettsidene til Kystpartiet.
www.roedt.no/ Nettsidene til Raudt.
www.senterpartiet.no Nettsidene til Senterpartiet.
www.sv.no Nettsidene til Sosialistisk Venstreparti.
www.venstre.no Nettsidene til Venstre.
Nytt om design og handverk
Under finn du lenkjer som tek for seg aktuelle saker om kunst og handverk. Vel ei aktuell sak og hald eit miniforedrag om henne for klassen.
Nettstader
www.regjeringen.no
Nettsidene til Kultur- og kyrkjedepartementet
www.kulturrad.no Nettsidene til Norsk kulturråd
www.kulturnett.no
Offisiell portal til norsk kunst på nettet, del av det norske kulturnettet. Nyheiter og informasjon for kunstnarar og kunstinteresserte.
Lenkjer, kunstnarregisteret, presentasjon av kunst på nett.
www.listen.no Guide til utstillingar, kunst, museum og galleri
Rolf Groven - ein samfunnsengasjert kunstnar
Under finn du lenkjer til ein del av bileta til kunstnaren Rolf Groven. Bruk bileta til å svare på spørsmåla.
- Kva samfunnstema tek Groven for seg i bileta?
- Kva trur du han vil seie om desse sakene?
- Synest du bileta er provoserande? I så fall korleis og kvifor/kvifor ikkje?
Nettstader
Bilete frå Grovens nettgalleri:
Privatisering (2005)
Størst av alt er kj... (2000)
Eldretreff (1980)
Children of Abraham (2003)
Ubåt i Hardanger I (1981)
Carl. I. Hagen (1989)
17. mai 2005. En avreise (2005)
Gatas parlament (2004)
Kommenterte lenkjer
Utdanning
www.mesterbrev.no Nettstaden mesterbrev.no har informasjon om dei ulike meisterfaga, om sveine- og meisterprøver, og om arbeidet i dei ulike fagområda
www.khio.no Nettsidene til Kunsthøgskolen i Oslo
www.khib.no Nettsidene til Kunsthøgskolen i Bergen
Kunst og kultur
www.regjeringen.no Nettsidene til Kultur- og kyrkjedepartementet
www.kulturrad.no Nettsidene til Norsk kulturråd
www.kulturnett.no Offisiell portal til norsk kunst på nettet, del av det norske kulturnettet. Nyhende og informasjon for kunstnarar og kunstinteresserte. Lenkjer,
kunstnarregisteret, presentasjon av kunst på nett
www.listen.no Guide til utstillingar, kunst, museum og galleri
Organisasjonar
www.frisorene.no Nettsidene til fagforeininga for frisørane
www.arkitektur.no Nettstaden til Norske arkitekters Landsforbund
www.kunsthandverk.no Nettsidene til Norske Kunsthandverkarar
www.ohif.no Nettstaden til Pelsmesterlauget
www.gullsmed.no Nettsidene til Norges gullsmedforbund
www.aktivitor.no Nettsidene til Aktivitørenes Landsforbund
www.mamut.com/noku Generell informasjon om NOKU som organiserer kulturarbeidarar innanfor det offentlege og halvoffentlege