Arbeidsopplegg for bygg- og anleggsteknikk
Under finn du arbeidsopplegg og oppgåver som er tilpassa utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk. Opplegga baserer seg på bruk av Internett. Du finn forslag til tema som høver godt for tilpassing til dei ulike utdanningsprogramma, og oppgåver innanfor nokre av desse temaa.
Tema der ein kan rette arbeidet spesielt inn mot programområdet:
Kapitla 11 og 12, om studie- og yrkesval, om arbeidslivet og organisasjonane der, og om bedriftsetablering.
Fagforeiningsarbeid
Under finn du lenkjer til fagforeiningar som kan vere aktuelle for deg i framtida. Vel ei av fagforeiningane og lag ein presentasjon av foreininga. Du bør komme inn på kva saker fagforeininga er oppteken av, og gjøre greie for dei, og du bør seie noko om korleis foreininga er organisert, og kva fordelar du har av å vere medlem i fagforeininga.
Nettstader
www.lo.no Nettsidene til LO - Landsorganisasjonen i Noreg.
www.fellesforbundet.no Nettsidene til Fellesforbundet.
www.bnl.no Nettsidene til Byggenæringens Landsforening.
www.ys.no Nettsidene til YS - Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund.
www.byggmesterforbundet.no Nettsidene til Byggmesterforbundet.
www.nrl.no Nettsidene til Norske rørleggerbedrifters landsforening.
Jobben min i framtida?
Veit du kva du skal bli når du blir vaksen? Denne oppgåva går ut på å finne ut mest mogleg om eit yrke du kunne tenkje deg. Bestem deg for eit yrke og svar på problemstillingane under.
- Korleis kan du utdanne deg til dette yrket?
- Kva går arbeidet ut på?
- Korleis er lønnsforholda i yrket?
- Kva kan du finne ut om det fysiske arbeidsmiljøet på arbeidsplassar i dette yrket?
- Kva fagforeining eller fagforeiningar finst for dette yrket? Kva mål arbeider fagforeininga eller fagforeiningane for?
- Korleis er arbeidsmarknaden i dette yrket? Er mange arbeidsledige?
Nettstader
www.mesterbrev.no Nettstaden mesterbrev.no har informasjon om dei ulike meisterfaga, om sveine- og meisterprøver og om arbeidet i dei ulike fagområda.
www.lo.no Nettsidene til LO - Landsorganisasjonen i Noreg.
www.loungdom.no Nettsidene til LO Ungdom.
www.nho.no Nettsidene til NHO - Næringslivets Hovedorganisasjon.
www.fellesforbundet.no Nettsidene til Fellesforbundet.
www.bnl.no Nettsidene til Byggenæringens Landsforening.
www.byggmesterforbundet.no Nettsidene til Byggmesterforbundet.
www.ssb.no Statistikk om arbeidsliv, yrkesdeltaking og lønn frå Statistisk sentralbyrå.
www.ssb.no Lønnsstatistikk frå Statistisk sentralbyrå.
www.ssb.no/utdanning_tema
www.ssb.no/arbeid Temasider frå Statistisk sentralbyrå om utdanning og arbeid.
Arbeidsforhold
Under finn du lenkjer til artiklar om bygg- og anleggsbransjen. Artiklane tek mellom anna for seg arbeidskraftsituasjonen, særleg den aukande bruken av utanlandsk arbeidskraft, og i kva grad byggjenæringa overheld relar og forskrifter.
Les artiklane og lag ein presentasjon av situasjonen i bygg- og anleggsbransjen når det gjeld desse forholda. Du bør kome inn på mengda av utanlandske arbeidstakarar i byggjebransjen, årsakene til dette, kvar arbeidskrafta kjem frå, lønnsforholda, osb. Du bør òg seie noko om kva du meiner om det som kjem fram i artiklane, kva konsekvensar forholda kan få for samfunnet og kva du meiner bør gjerast for at arbeidssituasjonen skal bli best mogleg i bygg- og anleggsbransjen.
Nettstader
www.tu.no Artikkel frå nettstaden til Teknisk ukeblad om sveiseslurv i byggjenæringa
www.aftenposten.no Artikkel om lovbrot på byggjeplassar frå nettsidene til Aftenposten
www.klassekampen.no Artikkel frå Klassekampen om låg lønn
Statistikk
Under finn du ei lenkje til nettsidene til Statistisk sentralbyrå om bygg og bustad. I denne oppgåva skal du bruke statistikk og finne fram til opplysningar om byggnæringa ut frå tabellar. Du kan lage eit foredrag eller ein rapport, skrive ein artikkel eller lage ein digital presentasjon. Du kan velje tema innanfor dei vala som statistikken gir rom for. Klikk deg fram til tabellane i margen til høgre.
Nettstad
www.ssb.no/bygg Temasidene til Statistisk sentralbyrå om bygg og bustad.
Nytt om bygg og anlegg
Under finn du lenkjer til nettstader som tek for seg aktuelle saker om bygg- og anleggsverksemd. Vel ei aktuell sak og hald eit miniforedrag om denne saka for elevgruppa di.
Nettstader
www.byggmesteren.as Nettsidene til tidsskriftet Byggmesteren.
www.bygg.no Nettstaden bygg.no er byggjeindustriens tidsskrift.
www.byggaktuelt.no Nettsidene til tidsskriftet BYGGaktuelt.
www.maleren.no/ Nettsidene til Maleren - tidsskrift for målar- og byggtapetserbransjen.
www.rorfag.no Nettsidene til Rørfag, fagblad for rørleggjarar.
www.skogindustri.no Nettsidene til fagbladet Skogindustri.
www.norsktreindustri.no Nettsidene til Magasinet Treindustrien.
www.vbl.no Nettsidene til Blikkenslageren, tidsskrift for Ventilasjons- og Blikkenslagerbediftenes Landsforbund.
www.byggarbeidsmiljo.no Nettstaden Byggarbeidsmiljø.
www.ffv.no Nettsidene til Fagrådet for våtrom.
www.ifi.no Nettsidene til Informasjonskontoret for farge og interiør.
Kommenterte lenkjer
Utdanning
www.mesterbrev.no Nettstadet mesterbrev.no har informasjon om dei ulike meisterfaga, om sveine- og meisterprøver, og om arbeidet i dei ulike fagområda
Organisasjonar
www.lo.no Nettsidene til LO - Landsorganisasjonen i Noreg
www.loungdom.no/ Nettsidene til LO Ungdom
www.nho.no Nettsidene til Næringslivets Hovudorganisasjon - NHO
www.fellesforbundet.no Fellesforbundets nettsider
www.bnl.no Nettsidene til Byggenæringens Landsforening
www.ys.no Nettsidene til YS - Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
www.nso.no Nettsidene til Næringslivets sikkerhetsorganisasjon
www.byggmesterforbundet.no Nettsidene til Byggmesterforbundet
odin.dep.no/nhd Om bygg og anlegg i Noreg frå NHD
Byggfaglege nettstader
www.byggmesteren.as Tidsskriftet Byggmesteren
www.bygg.no Nettstaden bygg.no er tidsskrift for byggjeindustrien
www.byggaktuelt.no Tidsskriftet Byggaktuelt på nett
www.rorfag.no Tidsskriftet Rørfag
www.norsktreindustri.no Magasinet Treindustrien
www.vbl.no Blikkenslageren - tidsskrift for Ventilasjon og blikkenslagerbedriftenes landsforbund
www.byggarbeidsmiljo.no Nettstaden Bygg - arbeidsmiljø
www.ffv.no Nettsidene til Fagrådet for våtrom
www.ifi.no Nettsider for Informasjonskontoret for farge og interiør
www.byggskolen.no Nettstaden Noregs byggskole
www.be.no Statens bygningstekniske etat