Arbeidsopplegg for idrettsfag
Under finn du arbeidsopplegg og oppgåver som er tilpassa utdanningsprogram for idrettsfag. Opplegga baserer seg på bruk av Internett. Du finn
forslag til tema som høver godt for tilpassing til dei ulike utdanningsprogramma, og oppgåver innanfor nokre av desse temaa.
Tema der ein kan rette arbeidet spesielt inn mot programområdet:
Kapitla 11 og 12, om studie- og yrkesval, om arbeidslivet og organisasjonane der, og om bedriftsetablering.
I tillegg kan idrett og etikk vere eit aktuelt tema for samfunnsbegrepet, og spesielt i tilknytning til normer i kapittel 1.
Nettoppgåve: Organisasjonane i arbeidslivet
Under finn du lenkjer til organisasjonar som kan vere aktuelle for deg i framtida.
Vel ein av organisasjonane og lag ein presentasjon av han. Du bør komme inn på kva saker organisasjonen er oppteken av, og gjere greie for
dei, og du bør seie noko om kven som er medlemmer, og kva fordelar du har av å vere medlem.
Nettstader:
www.niso.no
Nettsidene til Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon.
www.idrett.no
Nettsidene til Norges idrettsforbund
Nettoppgåve: Jobben min i framtida?
Veit du kva du skal bli når du blir stor? Dette prosjektet går ut på å finne ut mest mogleg om eit yrke du kunne tenkje deg. Vel
deg ut eit yrke, og svar på problemstillingane under.
-
Korleis kan du utdanne deg til dette yrket?
-
Kva går arbeidet ut på?
-
Korleis er lønnsforholda i yrket?
-
Kva kan du finne ut om det fysiske arbeidsmiljøet på arbeidsplassar i dette yrket?
-
Kva for fagforeining/ar finst for dette yrket? Kva mål arbeider fagforeininga/ne for?
-
Korleis er arbeidsmarknaden i dette yrket? Er mange arbeidslause?
Nettstader:
www.idrett.no
Nettstaden til Norges idrettsforbund
http://www.idrett.no/saerforbund/Sider/default.aspx
Lenkjer til særforbunda i Norges idrettsforbund
www.niso.no
Sentralorganisasjon for norske idrettsutøvarar
http://www.idrett.no/tema/funksjonshemmede/Sider/Funksjonshemmede.aspx
Om idrett for funksjonshemma personar i Noreg frå nettstaden til Norges Idrettsforbund
http://www.ssb.no/emner/06/
Statistikk om arbeidsliv, yrkesdeltaking og lønn frå Statistisk sentralbyrå
Kommenterte lenkjer
www.regjeringen.no
Nettsidene til Kultur- og kyrkjedepartementet
www.antidoping.no
Nettstaden for Antidoping Noreg
odin.dep.no/hod
Nettsidene til Helsedepartementet
www.startsiden.no
Lenkjer til sportsnyhende frå dei største media
www.klokeavskade.no
Senter for idrettsskadeforsking
www.idrettsanlegg.no
Nettsider for spillmedelsøknadar og søk på anlegg under Kultur- og kyrkjedepartementet
Organisasjonar
www.idrett.no
Nettstaden til Norges idrettsforbund
http://www.idrett.no/saerforbund/Sider/default.aspx
Lenkjer til særforbunda i Norges idrettsforbund
www.niso.no
Sentralorganisasjon for norske idrettsutøvarar
http://www.idrett.no/tema/funksjonshemmede/Sider/Funksjonshemmede.aspx
Om idrett for funksjonshemma personar i Noreg frå nettstaden til Norges Idrettsforbund
Doping
Under finn du lenkjer til artiklar om doping i idretten. Bruk desse og eventuelt annan informasjon du finn om dette temaet, og hald eit foredrag for
samfunnsfaggruppa di om doping i idretten. Du kan velje éi eller fleire av problemstillingane under, eller du kan velje problemstillingar
sjølv.
Forslag til problemstillingar:
-
Kva er doping, og kva for ulike former for doping finst det?
-
Kva er årsakene til at somme dopar seg?
-
Kva for konsekvensar kan bruk av anabole steroid ha for den enkelte og for samfunnet?
-
Korleis kan kosttilskot misbrukast? Kva for konsekvensar kan slikt misbruk ha?
-
Kva går den nye UNESCO-konvensjonen om doping ut på?
-
Gjer greie for gangen i dopingsaker.
-
Korleis arbeider Norges Idrettsforbund mot doping?
Nettstader:
www.antidoping.no
Nettsidene til Antidoping Norge. Her finn du mykje informasjon om doping
www.idrett.no
Nettsidene til Norges Idrettsforbund
www.regjeringen.no/nb/dep/kud/tema/idrett
Informasjon frå Kultur- og kyrkjedepartementet om internasjonalt antidopingarbeid
www.bt.no/nyheter/lokalt/Vold-aggresjon-og-psykoser
Artikkel frå Bergens Tidende om vald og psykiske problem som følgje av dopingbruk
www.aftenposten.no/helse/
www.aftenposten.no/helse/
Artiklar frå Aftenposten om helserisiko ved bruk av doping
www.bt.no/nyheter/innenriks/
www.bt.no/nyheter/lokalt/Ufretrygdet-av-dopingmisbruk
Artiklar frå Bergens Tidende om konsekvensar av dopingbruk