Å lese ein tabell eller ei grafisk framstilling
KORLEIS KAN DU LESE EIN TABELL?
Det kan verke uoversiktleg og vanskeleg å skulle lese ein tabell med mange tal. Trikset er å ta seg god nok tid, og gradvis å skaffe seg ei oversikt over kva tabellen faktisk viser. Dersom vi tek for oss tabellen «Gjerningspersoner, etter verdensreligion, kjønn og alder», gir tittelen ein viss informasjon om kva vi finn i sjølve tabellen. Vidare må vi skaffe oss ei oversikt over einingar og variablar.
Rammene i tabellen
Vi finn einingane , dei som er undersøkte, vassrett i den øvste ramma i tabellen. Einingane her er plasserte i seks ulike kategoriar: Nordmenn, folk frå Norden, folk frå Vest-Europa, folk frå Aust-Europa, folk frå Nord-Amerika og Oseania og til slutt folk frå Asia, Afrika og Sør- og Mellom-Amerika med Tyrkia, altså den tredje verda. I tillegg til desse seks kategoriane har vi kolonnen «I alt» for alle einingane, og kolonnen «I alt» for alle innvandrarar. Variablane kjønn og alder finn vi i dei loddrette radene. Først har vi ei rekkje rader kalla «Begge kjønn i alt». Her er mannlege og kvinnelege gjerningspersonar slått saman. Vidare er dei delte inn i kategoriar etter alder, slik at vi får ei oversikt over alle samla og deretter over talet på gjerningspersonar etter alder. Vidare er radene delte inn i ein sekvens med «Menn i alt» og «Kvinner i alt», den første med alderskategoriar for menn og den andre med alderskategoriar for kvinner. Når vi har forstått rammene i tabellen, kan vi begynne å lese kva han inneheld.
Vassrett eller loddrett lesing?
Denne tabellen kan leses vassrett om vi for eksempel vil samanlikne alle menn mellom 21 og 24 år. Da ser vi at det er flest gjerningspersonar frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Tyrkia (104 per 1000 innbyggjarar), færrast frå Nord-Amerika og Oseania (9,3 per 1000 innbyggjarar), mens 65,4 gjerningspersonar per 1000 innbyggjarar er nordmenn.
Tabellen kan òg lesast loddrett. Dersom vi for eksempel vil finne ut noko om gjerningspersonar frå Norden, kan vi ta for oss denne kolonnen. Her er menn mellom 18 og 20 år oftast gjerningspersonar (62,7 per 1000 innbyggjarar), mens det blant kvinner på same alder er 6,3 gjerningspersonar per 1000 innbyggjarar.
Tabellen viser at det er færre gjerningspersonar frå Norden og frå Nord-Amerika og Oseania per 1000 innbyggjarar enn frå Noreg. Innvandrarar frå desse regionane er med andre ord ikkje meir kriminelle enn nordmenn. Av dei ulike verdsregionane er det Aust-Europa og den tredje verda som har flest gjerningspersonar per 1000 innbyggjarar. Begge desse regionane har over 100 kriminelle per 1000 innbyggjarar i alderen 18-20 år, mens det i alle dei andre verdsregionane og i Noreg er under 100 kriminelle per 1000 innbyggjarar.
I denne tabellen ser det ut til at menn mellom 18 og 29 år oftast er gjerningspersonar, uavhengig av verdsregion. Vi kan seie at det er samvariasjon mellom kjønn, alder og prosentdel gjerningspersonar i ei befolkning. Samanliknar vi menn og kvinner, er kvinnene gjerningspersonar berre i ein brøkdel av tilfella samanlikna med mennene. Det er 28,4 mannlege gjerningspersonar i alt per 1000 innbyggjarar, mens det er 5,4 kvinnelege gjerningspersonar i alt per 1000 innbyggjarar, altså meir enn fem gonger så mange menn.
Tendensar
Vi samanliknar altså tala i radene og kolonnane og ser om vi finn tendensar som peikar i ei bestemt retning. Deretter lagar vi ei oppsummering av det vi kjem fram til. Dersom spørsmålet vårt er om innvandrarar oftare er gjerningspersonar enn nordmenn, blir svaret: Nei, ikkje innvandrarar frå Norden, Vest- Europa, Nord-Amerika og Oseania. Men nordmenn er ikkje like ofte gjerningspersonar som austeuropearar eller innvandrarar frå den tredje verda. Det er òg samvariasjon mellom kvinnelege og mannlege gjerningspersonar etter kjønn, alder og verdsregion. Det vil seie at også dei austeuropeiske kvinnene eller kvinner frå den tredje verda oftare er gjerningspersonar samanlikna med kvinner frå dei andre verdsregionane.
ULIKE GRAFISKE FRAMSTILLINGAR
Det kan òg lagast ulike grafiske framstillingar, slik at vi kan sjå tendensar og fordelingar tydelegare enn i tabellen. Det kan gjerast i eit kakediagram, der vi ser fordelinga av alle gjerningspersonar klart. Men eit kakediagram kan ikkje vise meir enn éin variabel per eining. Vi kan for eksempel presentere verdsregionane og gjerningspersonar i alt i kakediagrammet, men dersom vi vil ha med fleire kategoriar, må vi lage eit nytt diagram per kategori.
Kakediagram
Eit kakediagram er praktisk om vi skal vise fordelinga av ein heilskap. Eit valresultat kan visast i eit kakediagram. Da kjem kvart parti fram med kor mange prosent av veljarane som stemde på partiet. Her viser diagrammet fordelinga av alle gjerningspersonane per 1000 innbyggjarar, fordelt etter kvar dei kjem frå
Stolpediagram
Eit stolpediagram er ein annan framstillingsmåte. Det er formålstenleg når vi skal presentere data som skal samanliknast, for eksempel kriminalitet blant innvandrarar og blant nordmenn i år 2000 og i 2005. Vi kan òg velje å presentere talet på mannlege og kvinnelege gjerningspersonar etter verdsregion ved sida av kvarandre, slik som her.
Eit stolpediagram kan ikkje presentere mange ulike variablar samstundes; det er for eksempel ikkje mogleg å presentere alderskategoriar samstundes med kjønn. Og dersom vi skal vise alderskategoriar i staden for kjønn, blir kvar stolpe delt i 8, noko som ikkje er oversiktleg. Eit alternativ kan vere å lage eitt stolpediagram per verdsregion, etter kjønn og alder, men da får vi ikkje alle data presenterte samstundes.
Nordmenn er oftare gjerningspersonar enn innvandrarar frå Norden.
Graf
Dersom vi vil vise utvikling over tid, kan vi òg bruke ein graf, der den eine ramma er ei tidslinje. Vi kan i tillegg få med alle alderskategoriane og presentere kvar region etter talet på gjerningspersonar, slik som her. I ein grafisk presentasjon kan vi òg setje opp fleire grupper av einingar, for eksempel slik at kvinner får éin graf og menn ein annan, i ei og same framstilling. Det som set grenser, er omsynet til at grafen skal vere oversiktleg. Derfor er det ikkje lurt å ta med alle variablane på éin gong, da blir det for mange kurver i grafen, og han blir uoversiktleg..
Her kjem det tydeleg fram at talet på gjerningspersonar per 1000 innbyggjarar er lågast ved låg eller høg alder. Vi ser òg at det er flest gjerningspersonar per 1000 innbyggjarar frå den tredje verda, og at det er færrast gjerningspersonar blant innvandrarar frå Nord-Amerika og Oseania.
Histogram
Eit histogram høver godt når vi vil samanlikne to kategoriar, for eksempel fordelinga av kvinnelege og mannlege gjerningspersonar etter alder, som i eksempelet under. Vi kan òg samanlikne to land i eitt og same histogram.
Kvinnene representerer berre ein brøkdel av alle kriminelle. Kvifor er det slik, trur du?
VER KRITISK TIL UNDERSØKINGA
Når du sjølv er i forskarrolla, er det viktig at du stiller deg ein del spørsmål til ditt eige arbeid. Vi må passe på at kjeldene vi bruker, er pålitelege, at undersøkinga måler det vi vil måle, og at ho er påliteleg. Det er òg viktig at du er kritisk til samfunnsforsking som andre har utført. Kven har gjennomført undersøkinga, og kvifor? Kva seier tala noko om, og kva utelèt dei?
MEININGSMÅLINGAR
Meiningsmålingar er ikkje det same som forsking, slik vi har lett for å tru. Meiningsmålingar kan samanliknast med ein temperaturmålar. Dei måler ønske og vilje, mens forsking seier noko om ein røyndom. Mange meiningsmålingar fortel oss for eksempel kva vi vel ved politiske val, kva produkt vi helst vil kjøpe i butikkane, kva folk trur om den seksuelle debutalderen blant tenåringar, og kva vi meiner om innvandring.
Det er lett å la seg påverke til å tru at verda verkeleg er slik. Og dersom meiningsmålingane blir slått stort opp i media, er det lett å gjere som dei seier. Men dei aller fleste meiningsmålingar er overdrivne, i den forstand at dei som svarer på spørsmål om kva dei kjem til å gjere, ofte uttrykkjer sterkare meiningar enn handlingane deira uttrykkjer. Partibarometeret rett før eit politisk val viser for eksempel alltid eit litt meir ekstremt resultat enn valet faktisk viser nokre timar etterpå. Vi meiner altså sterkare enn vi handlar. Mykje er dermed lettare sagt enn gjort. Same kva du les i meiningsmålingar, står du fritt til å gjere dine eigne val.