Eksempel på eksamensoppgåver
Under finn du eksempel på ulike typar eksamensoppgåver til munnleg eksamen i samfunnsfag.
1. Emne: Norsk politikk
Individuell eksamen - førebuingstid 48 timar.
Alle hjelpemiddel er lov å bruke.
Du kan bli beden om å gi opp kjeldene du har brukt.
Instruks til eksaminanden:
- Under eksaminasjonen skal du halde eit foredrag der du svarer på oppgåva. Foredraget skal vere på ca. 15 minutt. Foredraget skal ikkje lesast opp frå eit ferdigskrive manus.
- Etter foredraget blir det ein samtale på ca. 10 minutt mellom deg og eksaminator med utgangspunkt i oppgåva.
Oppgåve:
- Gjer greie for skilnader mellom dei politiske partia i Noreg.
- Kva skil partia når det gjeld økonomisk politikk?
- Gjer greie for norsk utanrikspolitikk.
- Kva utanrikspolitiske saker er det semje og usemje om i Noreg? Kva samanhengar er det mellom ideologien til partia og utanrikspolitikken deira?
Oppgåva dekkjer følgjande mål i læreplanen:
- identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader
- gi eksempel på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør
- gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk
2. Emne: Samisk kultur og urfolk
Individuell eksamen - førebuingstid 48 timar.Alle hjelpemiddel er lov å bruke.
Du kan bli beden om å gi opp kjeldene du har brukt.
Instruks til eksaminanden:
- Under eksaminasjonen skal du halde eit foredrag der du svarer på oppgåva. Foredraget skal vere på ca. 15 minutt. Foredraget skal ikkje lesast opp frå eit ferdigskrive manus.
- Etter foredraget blir det ein samtale på ca. 10 minutt mellom deg og eksaminator med utgangspunkt i oppgåva.
Oppgåve:
Lag ei eller fleire problemstillingar til det temaet som læreplanmåla gir.
Problemstillingane skal godkjennast av faglærar.
Oppgåva dekkjer følgjande mål i læreplanen:
- presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
- gjere greie for arbeidet som FN gjer med fred og menneskerettar og forklare rolla til FN i det internasjonale arbeidet for urfolk
3. Emne: Fattige og rike
Gruppeeksamen - førebuingstid 48 timar.
Alle hjelpemiddel er lov å bruke. Du kan bli beden om å gi opp kjeldene du har brukt.
Oppgåve:
Tre emne:
- Økonomisk globalisering - konsekvensar
- Fattigdom - årsaker og tiltak
- Norsk økonomi - kvifor er vi rike?
Instruks til eksaminandane:
- Tema for oppgåva er fattige og rike. Under finn de dei læreplanmåla de skal målast i og seie noko om. I oppgåva har de fått tre emne. De må sjølve lage problemstillingar til kvart emne. Desse problemstillingane skal godkjennast av faglærar.
- De deler emne og problemstillingar mellom dykk og førebur eit innlegg på ca. 10 minutt kvar. De kan bruke dei hjelpemidla de vil i presentasjonen.
- Etter foredraga blir det ein samtale mellom dykk og eksaminator. Kvar av dykk må setje seg inn i alle sider av oppgåva.
- Kvar elev blir vurdert individuelt og får ein eigen karakter.
Oppgåva dekkjer følgjande mål i læreplanen:
- gjere greie for årsaker til at somme land er fattige og somme rike, og drøfte tiltak for å redusere fattigdom i verda
- forklare omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
- gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk
- diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane den står overfor
4. Emne: Organisasjonar
Individuell eksamen - førebuingstid 48 timar.
Alle hjelpemiddel er lov å bruke.
Du kan bli beden om å gi opp kjeldene du har brukt.
Instruks til eksaminanden:
- Under eksaminasjonen skal du halde eit foredrag der du svarer på oppgåva. Foredraget skal vere på ca. 15 minutt. Foredraget skal ikkje lesast opp frå eit ferdigskrive manus.
- Etter foredraget blir det ein samtale på ca. 10 minutt mellom deg og eksaminator med utgangspunkt i oppgåva.
Oppgåve:
- Kva ulike typar organisasjonar finst i det norske og det internasjonale samfunnet?
- Kva rolle spelar desse organisasjonane for samfunnet og for einskildmenneska?
- Drøft påstanden: «Organisasjonane har for stor makt i det norske samfunnet i dag.»
Oppgåva dekkjer følgjande mål i læreplanen:
- gjere greie for organisasjonane sin plass i det norske arbeidslivet og drøfte faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår
- gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet
- gi eksempel på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør
Vurderingskriterium
Graden av kompetanse, eller fagleg meistring, er avhengig av i kva grad elevane:
- viser fagleg oversikt og fagleg djupn
- viser evne til fagleg drøfting og problematisering
- viser evne til å presentere faglege emne poengtert og med ein logisk, klar struktur
- viser evne til å hente inn, vurdere og bruke informasjon
- viser sjølvstende i bruk av fagleg kunnskap