Om Streif

Basis i Streif er ei grunnbok og ein nettstad, retta mot alle elevar i alle utdanningsprogram. I tillegg finst det ei arbeidsbok, særleg retta mot elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram. I presentasjonen av læreverket Streif på nettstaden til Fagbokforlaget kan du lese meir om dei ulike komponentane i verket.

Elevsidene

Samfunnsfag er eit munnleg trekkfag som eignar seg godt til diskusjonar i klasserommet. Derfor har vi også lagt opp til at det munnlege skal stå i sentrum på nettstaden.

Elevsidene følgjer kapittelstrukturen i grunnboka. Det vil seie at dei er delte inn 15 kapittel, fordelt på dei fem delane i læreboka (”Individ og samfunn”, ”Kulturforståing”, ”Politikk og demokrati”, ”Arbeids- og næringsliv” og ”Verdssamfunnet”). Kvar hovuddel startar med eit filmklipp, lydklipp og/eller bilete med spørsmål – noko som kan vere ein fin introduksjon til den aktuelle delen og eit nytt emne i samfunnsfag.

Dei mange og varierte elevoppgåvene legg også opp til refleksjon og diskusjon og inneheld lenkjer til relevante nettstader og lyd- og filmklipp som fremmar dei digitale ferdigheitene i faget. Oppgåvene eignar seg for alle elevar, uansett utdanningsprogram, programområde og programfag. Elevsidene inneheld også kommenterte lenkjesamlingar, biletbasar, test-deg-sjølv-oppgåver (som eignar seg godt til repetisjon) og lenkjer til aktuelle saker.

Både elevoppgåvene og undervisningsopplegga (sjå under) er knytte tett opp mot kompetansemåla i læreplanen for samfunnsfag. Oppbygginga av Streif følgjer også hovudmåla i læreplanen, og verket opnar med delen ”Individ og samfunn” fordi vi trur det er enklast for elevane å begynne med lærestoff som ligg nær opp til dei sjølve. Men om det for eksempel er val eit år, kan det vere naturleg å begynne med kapittel 8 ("Det politiske systemet i Noreg") og kapittel 9 ("Politikk – noko for meg?"). 

Lærarsidene til kvar hovuddel

På lærarsidene til kvar hovuddel i Streif finn du mange varierte forslag til undervisningsopplegg. Dei fleste undervisningsopplegga føreset gruppearbeid i (eller utanfor) klasserommet i samfunnsfagundervisninga, men lærarsidene inneheld også nokre oppgåver som bør løysast individuelt, eller som kan brukast tverrfagleg. Her er det berre å velje og vrake i ei lang rekkje opplegg som medverkar til ei kreativ og variert undervisning. I nokre delar vil du også finne forslag til tolking av utvalde bilete frå læreboka.

Aktuelt

Samfunnet er i stadig endring, og i pakt med viktige hendingar nasjonalt og globalt vil vi setje søkjelyset på aktuelle saker. Til dei aktuelle sakene vil du alltid finne eit ferdig undervisningsopplegg med oppgåver som legg opp til ein felles diskusjon i klasserommet.

Lærarressursen

Lærarressursen inneheld mange nyttige ressursar til samfunnsfagundervisninga. I tillegg til årsplanar, informasjon om eksamen og oppdateringar/korrigeringar kan du finne lysbiletepresentasjonar av alle kapitla, filmtips og nokre forslag til løysingar på oppgåver (frå læreboka og nettstaden). Dessutan har vi teke med noko tilleggsstoff som vi av erfaring veit at mange lærarar har god bruk for i undervisninga, for eksempel stoff om samfunnsvitskapleg metode, sentrale økonomiomgrep og biletanalyse.

I lærarressursen kan du også finne spesifikke tilpassa oppgåver til dei ulike utdanningsprogramma, programområda og programfaga. Du finn også mange kommenterte lenkjer til dei ulike faga her.

Elevressursar

I ressursfeltet til eleven kan dei finne verktøy og ressursar som kan vere til god hjelp i arbeidet med samfunnsfag, for eksempel lydbøker til alle kapitla i Streif, lyd- og filmklipp, kommentert lenkjesamling og lysbiletepresentasjonar av kvart kapittel.