Å tolke bilete
I ei avis eller i eit tidsskrift tek fotografen og redaksjonen mange val før dei aktuelle bileta blir plukka ut og publiserte. Ved å sjå bilete i ein større samanheng kan ein trene seg opp til å forstå kva redaksjonelle bilete fortel om ei hending eller ein person. Dokumentet "Biletanalyse" av Paul S. Amundsen er ei innføring i analyse av bilete, og inneheld mange eksempel på biletanalyse og gode idear til oppgåver.
Kapittel 14: Forslag til tolking av biletet p200-201 i Streif
Kreditering: Unge libanesarar i sportsbil kjører rundt i dei øydelagde områda sør i Beirut. Beirut blei rekna som Midtaustens Paris før borgarkrigen som herja i Libanon frå 1975 til 1991. Sidan fekk Beirut tilbake ryktet som den hottaste partybyen ved Middelhavet - inntil byen igjen blei herja av bomber sommaren 2006 Bilettekst: All Over Press/Getty Images/Spencer Platt
Nokre punkt til ei tolking:
Dette biletet viser korleis ein fotograf tydeleg tek parti i ei samfunnssak. Vi kan vel seie at fotografen hengjer ut ei gruppe i eit samfunn ved den måten biletet er komponert på.
Her må ein som lærar sjølvsagt velje om ein vil stoppe opp og be elevane lage eit prosjekt om Midtausten, med fokus på Libanon.
Ein kan kanskje gå tilbake til etter den første verdskrigen, da Frankrike fekk herredømme over landet.
Andre moment: Samspel og konflikt mellom kristne og muslimar. Beirut som verdsby, borgarkrig og invasjonar, ny oppbygging til verdsby fram til den siste konflikten i 2006, da Israel gjekk inn i Libanon for å kjempe mot Hizbollah.
Biletet kan vere eit utgangspunkt.
Kva ser vi?
Framgrunnen er dominert av moderne ungdommar i ein open, flott bil. Dei har ein moderne stil (sjå for eksempel detaljar som solbriller og mobiltelefon), og dei gir inntrykk av å vere blasert overklasseungdom som ser på eller hevar seg over ruinane omkring seg. Nokre unge innbyggjarar er plasserte i ruinane. Nokre vandrar gjennom det som kanskje er ei gate, og til høgre ser vi ei kvinne og to unge menn med mobiltelefonar. Desse menneska har nøytrale ansiktsuttrykk. Det er ikkje sorg og redsel vi ser.
Kva vil fotografen fortelje oss med dette biletet?
Hadde ikkje bilen med ungdommane vore plassert i biletet, kunne vi ha lagt hovudtolkinga til korleis menneske prøver å organisere livet sitt midt i eit øydeleggjande kaos. Og hadde vi vore meir optimistiske, kunne vi ha sagt at fotografen prøvde å vise ein optimisme, at menneska alltid greier seg og byggjer opp igjen eit tilvære.
Men komposisjonen av og elementa i biletet stengjer for ei slik tolking. Det er den enorme kontrasten mellom elende og luksus som står i fokus, og resultatet er at vi føler sinne og forakt overfor ungdommane som viser fram luksusen sin og likesæla si i ein situasjon som må vere håplaus for tusentals andre menneske.
Til toppen