Ekstra undervisningsopplegg til kapittel 11
Kva skal eg bli? (kapittel 11)
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
Forslag til undervisningsopplegg (individuell oppgåve):
Det er mange yrke å velje mellom, og det kan vere vanskeleg å gjere eit val. Derfor kan det vere lurt å finne ut mest mogleg om ulike
yrke.
Be elevane velje eitt yrke og finne ut mest mogleg om det yrket. Elevane må finne ut kva utdanning som blir kravd, og kva som skal til for å
komme inn på studiet. Kva går arbeidet ut på? Kva kan dei tene? Korleis er arbeidsmarknaden? Er det enkelt å få seg jobb,
eller er det mange arbeidslause med den aktuelle yrkesutdanninga?
Elevane kan gjerne lage ein presentasjon for klassen om det yrket dei har valt.
Nettstader:
-
www.utdanning.no
Nettstaden utdanning.no er ein nasjonal fellesportal for utdanning, karriere og læring, ått av Kunnskapsdepartementet
-
www.ssb.no
Nettstaden til Statistisk sentralbyrå
Partane i arbeidslivet (kapittel 11)
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for organisasjonane sin plass i det norske arbeidslivet og for faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår
Forslag til undervisningsopplegg:
Arbeidslivet består av to partar - arbeidsgivarane og arbeidstakarane. Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er hovudorganisasjonen for
bedriftene og bedriftseigarane, mens Landsorganisasjonen (LO) er hovudorganisasjonen til arbeidstakarane.
Del elevane inn i grupper og be dei lage ein munnleg presentasjon av anten
1. NHO - Kva organisasjonen er, kven han representerer, korleis han er organisert og finansiert, og kva for oppgåver han har.-
Kva organisasjonen er, kven han representerer, korleis han er organisert og finansiert, og kva for oppgåver han har.
eller
2. LO - Kva organisasjonen er, kven han representerer, korleis han er organisert og finansiert, og kva for oppgåver han har.- Kva
organisasjonen er, kven han representerer, korleis han er organisert og finansiert, og kva for oppgåver han har.
Nettstader:
Til toppen