Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
1. Kva skal eg bli?
Det er mange yrke å velje mellom, og det kan vere vanskeleg å gjere eit val.
a) Kva yrke kunne du tenkt deg?
b) Kva yrke kunne du ikkje tenkt deg?
c) Kvifor kunne du / kunne du ikkje tenkt deg desse yrka?
På nettstadene www.utdanning.no og www.ssb.no kan du finne informasjon om ulike yrke og yrkesrelatert statistikk.
2. Å velje for eiga framtid
a)I artikkelen "Ber unge velge trygge studier" frå Dagsavisen blir ungdom oppfordra til å velje studium som nærmast garanterer jobb i framtida.
-
Kvifor er nokre studium sikrare for framtida enn andre?
-
Kan ein vite sikkert kva det er behov for i framtida?
-
Bør ein velje utdanning ut frå kva ein sjølv er interessert i, eller ut frå kva ein kan få jobb med?
b) Ifølgje artikkelen "Ødelegger framtida med sex, fyll og skandaler" frå Dagbladet kan deltaking i reality-program på tv svekkje truverdet til deltakarane og bidra til at dei får problem i ein framtidig karriere.
-
På kva måte kan deltaking i eit reality-program få negative konsekvensar for deg når du skal søkje på ein jobb?
-
Kvifor trur du mange vil delta i reality-program sjølv om dette kan få negative konsekvensar for dei?
3. Dagens arbeidsmarknad
a)
-
Kor mange menneske er i arbeid i Noreg i dag?
-
Kva arbeider dei med?
-
Kor mange er arbeidslause?
-
Kor mange kvinner og kor mange menn har fulltidsjobb?
-
Kor mange under 20 år er i arbeid? Og kor mange på arbeidsmarknaden er over 70 år?
For å finne svar på desse spørsmåla og for å finne ut meir om den norske arbeidsmarknaden, kan du bruke Statistisk sentralbyrås temasider og statistikk om arbeid.
b) Er det noko som overraskar deg i det du har funne ut om den norske arbeidsmarknaden?
reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
4. Ein jobb å trivast med
Dei aller fleste nordmenn trivst på jobben, men det er også nokre som mistrivst.
a) Kva er det som avgjer om ein trivst på jobben eller ikkje? Kva for yrkesgrupper trur du trivst best? Kvifor trivst desse gruppene på jobben, trur du?
I artikkelen "Disse trives best på jobb" frå Adresseavisen kan du lese meir om trivsel på jobb i ulike yrkesgrupper.
b) Kva kan vere årsaker til mistrivsel på jobb, trur du? Kva kan ein gjere for å betre trivselen til alle på jobb? Kven har ansvaret for at alle trivst på jobben?
I artikkelen "Er du en god kollega?" frå Dagbladet kan du lese om kva ein kan gjere for å unngå mistrivsel på jobben, og kva du kan bidra med.
gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar å redusere arbeidsløysa på
5. Å vere utan arbeid
-
Kor stor er arbeidsløysa i Noreg målt i prosent av arbeidsstyrken?
-
Kva for fylke har høgast arbeidsløyse, og kva for eit har lågast?
-
Når var arbeidsløysetala på det høgaste gjennom dei siste 30 åra?
-
Når var arbeidsløysetala på det lågaste i den same perioden?
-
Kor høg er sysselsetjinga i Noreg?
-
Kva har skjedd med sysselsetjinga i Noreg dei siste 30 åra? Kva kan forklare denne utviklinga?
-
Korleis er sysselsetjinga av kvinner i Noreg samanlikna med i andre land? Kva trur du kan vere forklaringa på at det er slik?
-
Kva er årsakene til arbeidsløysa, trur du?
-
Korleis meiner du at ein kan redusere arbeidsløysa?
På Statistisk sentralbyrås temaside om arbeid finn du informasjon om arbeidsløyse i Noreg (klikk deg inn på tabellar og statistikk i menyen til høgre på sida, eller studer fylkesoversikta på kartet på framsida).
diskutere nokre etiske problemstillingar knytte til arbeidslivet
gjere greie for organisasjonane sin plass i det norske arbeidslivet, og for faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår
6. Å vere ung i arbeidslivet
a) Kva rettar og plikter har du som ung arbeidstakar? Kvifor tek mange arbeidsgivarar ikkje omsyn til rettane dine, trur du?
På nettsida til Arbeidstilsynet og LO og i filmklippet "Mange unge uten arbeidskontrakt" frå NRK (sjå øvst på sida) kan du lese og høyre meir om rettar og plikter i arbeidslivet.
b) I filmklippet "Mange unge uten arbeidskontrakt" frå NRK møter du LOs sommarpatrulje
ute på den årlege aksjonen sin.
-
Kva er LOs sommarpatrulje?
-
Kva utfordringar trur du LOs sommarpatrulje støyter oftast på?
-
Synest du at norske ungdommar er for kresne (eller bortskjemde)?
-
Finst det nokon jobbar du ikkje ville hatt?
-
Kva er det med desse jobbane som gjer dei negative i dine auge?
-
Er dei jobbane du ikkje ville hatt, viktige for samfunnet?
-
Kven trur du vil ha desse jobbane?
d) I filmklippet "Unge skulker jobben mest " frå NRK kjem det fram at både bedriftsleiarar og arbeidstakarar meiner at unge har dårlegast arbeidsmoral og skulkar jobben oftast.
-
Kva trur du er årsaka til at unge skulkar jobben oftast?
-
Korleis kan ein få opp arbeidsmoralen til unge arbeidstakarar?
7. Lønn
-
Kva faktorar er viktige når ein skal forklare kva lønn kvar enkelt får?
-
Kva for aldersgruppe tener mest?
-
Kva for aldersgruppe tener minst?
-
Kor mykje tener kvinner i forhold til menn i Noreg? Er dette mykje eller lite samanlikna med i andre land i Europa?
-
Korleis er lønnsskilnadene mellom høgt og lågt utdanna i Noreg samanlikna med i andre land i Europa?
-
Er det ein fordel med små lønnsskilnader mellom folk med høg og låg utdanning?
Statistisk sentralbyrås temaside om lønn kan du finne relevant bakgrunnsinformasjon om lønnsforholda i Noreg.
8. Svart arbeid
Kva er så gale med å arbeide litt svart eller kjøpe svarte tenester? Kort sagt: Dersom alle gjorde det, ville det ikkje bli nokon skatteinntekter til det offentlege, og dermed heller ingen pengar til offentlege oppgåver som skule, sjukehus, vegar og anna.
a) Kvifor er det likevel mange som arbeider svart i Noreg?
b) Kva synest du om å arbeide svart?
I artiklane "1 av 5 kjøper svart arbeid" og "Milliarder av kroner unndratt skatt" frå Dagens Næringsliv, "Du straffes for svart arbeid" frå Askøyværingen og "Svart arbeid smitter" frå Nordlys kan du lese meir om svart arbeid.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
vurdere utfordringar ved å etablere ei bedrift
1. Ungdomsbedrift
Ei ungdomsbedrift er ei bedrift som er etablert og driven av elevar i vidaregåande skole. Kanskje du har vore med på å etablere ei slik bedrift på skolen din? Eller kanskje du har ein gründer i magen og drøymer om å starte di eiga bedrift?
-
Finst det ei ungdomsbedrift på skolen din? Kva type bedrift er i så fall det?
-
Kva er målsetjinga med ungdomsbedrifter?
-
Kva må ein tenkje på før ein opprettar ei ungdomsbedrift?
På nettstaden til Ungt entrepenørskap kan du lese meir om ungdomsbedrifter. Her kan du også lese om NM for ungdomsbedrifter og kven som vann NM i år.
2. Kva skal til for å lykkast som gründer?
a)Kva eigenskapar meiner du at ein god gründer bør ha, og kvifor?
I artiklane "Skype-gründerens gründertips" frå nettstaden orapp.no, "Improvisasjon gir gründersuksess" frå forskning.no og "Vil du starte bedrift?" frå Dagbladet kan du lese ulike syn på kva som gir suksess for gründerar.
b) Er du ein gründertype?
-
Kva trur du er årsaka til det?
-
Kvifor er det så viktig å ha ein jobb for dei kvinnene vi møter i filmklippet, trur du?
-
Kva råd vil du gi til desse gründerkvinnene?
d) Dersom du har starta di eiga bedrift og har tilsette i bedrifta, er det viktig at du tek vare på dei tilsette og er klar over kva rettar og plikter dei har. Dette kan du høyre meir om i filmklippet "Mange unge uten arbeidskontrakt" frå NRK øvst på sida.
Kva kjenneteiknar etter di meining ein god sjef?
I artikkelen "Er du en god sjef?" frå Karrierelink kan du lese om ei undersøking om gode leiarar.
3. Regjeringa og satsing på entreprenørskap
a)Kvifor satsar regjeringa sterkt på entreprenørskap, trur du?
b) Kvifor er regjeringa spesielt oppteken av å leggje til rette for at unge og kvinner skal få moglegheit til å skape sin eigen arbeidsplass, trur du?
På nettstaden til Kommunal- og regionaldepartementet kan du lese om regjeringa si satsing på entreprenørskap.
trekkje ut hovudlinene i resultat- og balanserekneskapen til bedrifter med manuelle og digitale verktøy
4. Balanserekneskap
a)Thea Valle har opna ein treffstad for ungdom med ulike aktivitetar. Thea har kjøpt diverse inventar, og ho har ein kiosk der det blir selt leskedrikkar og frukt.
Inventaret kosta 150 000 kroner. Varelageret av kioskvarer kosta 290 000 kroner. Butikken har 50 000 kroner på ein bankkonto og 10 000 kroner i kontantar. Thea har satsa 200 000 kroner sjølv på treffstaden. Resten har ho fått løyvd som gjeldsbrevlån.
-
Set opp ein balanse for bedrifta.
-
Kva utgjer gjelda i bedrifta?
-
Kor stor er eigenkapitalen?
-
Kor stor er totalkapitalen (sum eigenkapital og gjeld)?
Lag din eigen modell i Excel, eller bruk modellen for balanserekneskap for bedrift på ressurssida.
b) Per Svendsen driv ein verkstad, og balansen hans per 31. oktober hadde blant anna desse postane:
Maskiner/verktøy: 75 000 kroner
Inventar: 30 000 kroner
Varebil: 170 000 kroner
Varar/delar: 85 000 kroner
Til gode hos kundar: 25 000 kroner
Kontantar: 5 000 kroner
Bankinnskot: 10 000 kroner
Kortsiktig gjeld: 100 000 kroner
Eigenkapital: ?
Set opp balansekontoen med debet- og kreditsider, og vis kor stor Pers eigenkapital og totalkapital (sum gjeld og eigenkapital) er.
Lag din eigen modell i Excel, eller bruk modellen for balanserekneskap for bedrift som du finn på ressurssida.