Kva veit elevane om politikk og demokrati? (introduksjon til del 3)

Før ein begynner å arbeide med ein ny hovuddel i Streif, kan det vere interessant å sjå kva elevane veit og kva tankar/meiningar dei har om emnet for den aktuelle delen. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal vite så mykje om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte har dei fleire tankar og meiningar om eit emne enn dei trur.

Del 3 (kapittel 7, 8, 9 og 10) handlar om politikk og demokrati. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:

  • Kva legg du i omgrepet demokrati?
  • Kva utfordringar møter demokratiet i dag?
  • Kva parti sit i regjering i Noreg i dag?
  • Kven er ordførar i kommunen din?
  • Har du prøvd å påverke politikarar nokon gong? I så fall korleis?
  • Er det ei eller fleire politiske saker du kunne tenkje deg å kjempe for?
  • Kvifor er Noreg eit rikt land, trur du?
  • Kva tenkjer du på når du hører ordet velferdsstaten?

I kartlegginga av kva elevane veit og kva tankar og meiningar dei har om politikk og demokrati, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif. Elevane kan for eksempel samtale om spørsmåla i fellesskap i klassen eller i grupper:

A) Klassediskusjon

Læraren ber elevane om å "tenkje høgt" og fortelje kva dei veit og kva tankar dei har til kvart spørsmål. Det er viktig å poengtere at ein ikkje er ute etter ein fasit. Det viktigaste er å setje i gang tankeprosessane hos kvar enkelt elev. Læraren noterer stikkord som utgangspunkt for ein felles diskusjon i klassen.

Kanskje det kan vere interessant å stille dei same spørsmåla til elevane etter at dei har arbeidd med del 3? Er svara dei same no, eller har elevane endra oppfatningar om spørsmåla?

B) Gruppearbeid

Læraren deler klassen inn i grupper. Kvar gruppe tek for seg dei åtte igangsetjingsspørsmåla og noterer stikkord. Etterpå skal gruppene presentere stikkorda for resten av klassen.

Har gruppene den same kjennskapen til og dei same tankane om politikk og demokrati, eller skil resultata seg sterkt frå kvarandre?

Til toppentiltoppen

Menneskerettane og demokrati (kapittel 7)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet
  • diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
  • gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk

Forslag til undervisningsopplegg:

Det finst ei rekkje gode nettstader som kan bli brukt som ressursar i arbeidet med emna menneskerettar og demokrati, som for eksempel nettstadene til Amnesty International, FN-sambandet, Bistandsaktuelt og artikkelserien "Hvor hender det?" (utgitt av NUPI"). På desse nettstadene finn læraren mykje relevant informasjon om demokrati og menneskerettar, dessutan elevoppgåver og tips til undervisninga.

Under har vi samla ulike forslag til korleis klassen kan arbeide med emna. Forslaga skil seg til dels sterkt frå kvarandre, og kan på denne måten bidra til ein god variasjon i undervisninga.

Aktuelt om demokrati og menneskerettane:
Kvar dag kan ein lese eller høre om aktuelle saker knytte til emna demokrati og menneskerettar i avisene, i nyheitssendingar eller i andre mediekanalar. Be elevane om å velje ut ei aktuell sak frå media eller frå ein av dei nemnde nettstadene over. Elevane skal deretter førebu ein kort munnleg presentasjon av saka for resten av klassen.

Kvar dag kan ein lese eller høre om aktuelle saker knytte til emna demokrati og menneskerettar i avisene, i nyheitssendingar eller i andre mediekanalar. Be elevane om å velje ut ei aktuell sak frå media eller frå ein av dei nemnde nettstadene over. Elevane skal deretter førebu ein kort munnleg presentasjon av saka for resten av klassen.

  • Kva gjeld saka?
  • Har det vore snakk om brot på menneskerettane eller "dei demokratiske spelereglane"?
  • Kva aktørar har vore innblanda?

Undervisningsopplegget kan fungere både som individuelt arbeid og som gruppearbeid.

Dikt om demokrati:
Har elevane nokon gong tenkt på at å skrive eit dikt kan vere ei politisk handling, og at menneske i mange land set livet sitt i fare gjennom å skrive dikt der dei kritiserer styresmaktene?

Jabulani Mlotshwa frå Zimbabwe måtte flykte frå styresmaktene i landet. Han skriv dikt om demokrati. Lytt til diktet i filmklippet på nettstaden til Bistandsaktuelt (engelsk tale) i fellesskap i klassen, og be elevane om å bruke det som inspirasjon og skrive eigne dikt om demokrati. Etterpå kan (nokre av) elevane framføre dikta sine for resten av klassen, og eventuelt hengje dei opp i klasserommet.

Mimeleik om brot på menneskerettane:
Læraren deler klassen inn i grupper, og gir kvar gruppe ein kopi av menneskerettane. Gruppene skal så velje ut éin av artiklane i menneskerettane, og mime ein situasjon der den aktuelle artikkelen blir broten. Dei andre elevane får i oppdrag å gjette kva artikkel gruppa har valt. Etterpå kan klassen samtale om på kva måte artikkelen blei broten. Kanskje nokre av elevane kjenner til ei konkret hending, eller eit land der denne artikkelen i menneskerettane har blitt broten?

Klassens grunnlov:
For at eit demokrati skal fungere, er det heilt avhenging av at det finst eit sett med lover og reglar som er allment kjende blant innbyggjarane i landet, og av at dei blir haldne og aksepterte. Det gjeld også i klasserommet. Set opp ei liste med lover og reglar for klassen som fellesskap.

  • Kva lover og reglar må elevane følgje, og kva bør dei følgje?
  • Blir lovene og reglane som klassen har blitt samde om i fellesskap stort sett haldne i klassen?
  • Kva konsekvensar får det dersom nokre av elevane i klassen ikkje følgjer lovene og reglane?
  • Korleis kan ein "straffe" brot på loven?

Til toppentiltoppen

Dødsstraff (kapittel 7)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet
  • diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar

Forslag til undervisningsopplegg:

Mange elevar er opptekne av dødsstraff, og det er eit tema som eignar seg godt til klassediskusjon. Elevane kan først setje seg inn i temaet ved å svare på desse spørsmåla:

  1. Kor mange land tillet dødsstraff? Gi eksempel på land som praktiserer dødsstraff.
  2. Kor mange land har avvikla dødsstraff dei siste ti åra? Gi eksempel.
  3. Kor mange blei avretta i 2010?
  4. Kva land avrettar flest?
  5. kva avrettingsmetodar nyttar ein?
  6. Kva argument bruker ein for og mot dødsstraff?

Les om døddsstraff på Wikipedia eller på Amnesty Internationals heimeside.

Spørsmål til diskusjon i klassen:

  • Kvifor er dødsstraff brot på menneskerettane?
  • Kva meiner du om dødsstraff?

 

Til toppentiltoppen

Styreformer, menneskerettar, økonomi og miljø (kapittel 7 og 13)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
  • diskutere samanhengen mellom økonomisk vekst, miljø og berekraftig utvikling
  • gjere greie for årsaker til at somme land er fattige og somme rike og drøfte tiltak for å redusere fattigdom i verda

Eksempel på spørsmål til refleksjon og diskusjon:

  • Er det nokon samanheng mellom tal på brot på menneskerettane og styreformer?
  • Er det nokon samanheng mellom styreformer og økonomi?
  • Er det nokon samanheng mellom økonomisk vekst og miljø?

Forslag til undervisningsopplegg:

Elevane skal bruke nettstadene under (eller eventuelt andre relevante nettstader og kjelder) til å seie noko om samanhengen mellom styreformer, menneskerettar, økonomi og miljø.

Dette er eit stort emne, og elevane bør derfor arbeide i grupper og gjere eit føremålstenleg utval av land. Kanskje kan dei samanlikne styreformer, menneskerettar, økonomi og miljø i nokre av dei fattigaste landa i verda og nokre av dei rikaste, eller samanlikne land frå ulike verdsdelar?

Gruppene kan sjølve velje framføringsform. Diskuter gjerne resultata i fellesskap i klassen til slutt.

Nettstader:
Globalis.no - Interaktivt verdsatlas basert på ein stor database med statistikk frå FN og andre internasjonale organisasjonar. Inneheld mange opplysningar om dei aller fleste landa i verda
Nettstaden til FN-sambandet
Nettstaden til Amnesty International i Noreg. Inneheld mellom anna lenkjer til brot på menneskerettane i ulike land
Nettstaden www.menneskerettigheter.no/skole (under "Ressurser" finn du også mange lenkjer til andre relevante nettstader)
Nettstaden til Verdas handelsorganisasjon (WTO)
Nettstaden til Norad (Direktoratet for utviklingssamarbeid)
Nettstaden til Greenpeace International

Til toppentiltoppen

Demokrati og val – ulike innfallsvinklar (kapittel 7, 8 og 9)

 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet
  • diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar
  • identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader

"Stortingsrepresentant for ein dag" - Stortinget har laga underhaldande presentasjonar av kvardagen til ein stortingsrepresentant og arbeidet med statsbudjsettet, med Bård Tufte Johansen. Kan fungere som temaopnarar i klassen. Nokre gode oppgåver i tilknyting til videoane.

Ein annan innfallsvinkel kan vere spørsmål frå Stortingets spørjetimedagens timeplan eller arbeidet i dei ulike komiteane. Sjå elles Stortinget.no og dei eigne skulesidene til tinget.

For arbeidet i regjeringa, sjå kalenderen eller pressemeldingar på www.regjeringen.no.

Val er sjølvsagt spesielt aktuelt som emne i samfunnsfagundervisninga rett i forkant av eit stortings-, sametings- eller kommune- og fylkestingsval, men følgjande forslag til undervisningsopplegg er også relevant sjølv om det ikkje vil finne stad eit val i nærmaste framtid.

Planen byggjer på kapittel 7, 8 og 9, og viser korleis ein kan trekkje inn dei fleste politiske tema i tilknyting til eit val. Omfanget av oppgåver er eit "bruttoutval" slik at ein kan velje ut det som er mest aktuelt.

Tema Nokre spørsmål til diskusjon Les og gjer Kompetansemål
Demokrati (kapittel 7) Kva er demokrati?
Kva kjenneteiknar det norske demokratiet, samanlikna med andre stader i verda?
Er demokratiet den beste styreforma? Kvifor/kvifor ikkje?

Streif (læreboka):
Side 88–102
Oppgåve: 1, 2, 5, 7, 8, 9, 10, 11, 15, 19, 21, 23.

Streif (nettstaden):
Elevoppgåvene og test-deg-sjølv-oppgåvene i kap. 7.
Undervisningsopplegget "Menneskerettane og demokrati".

Gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet.

Diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar.

Gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar.

Politiske parti og ideologiar
(kapittel 8)
Kva står dei ulike politiske partia for, og kva ideologi byggjer dei på?

Streif (læreboka):
Side 106–108
Oppgåve: 11, 12, 13, 22.

Streif (nettstaden): Faktakoplinga "Ideologi" i kap. 8.
Elevoppgåvene om politiske parti i kap. 8
Undervisningsopplegga "Politiske parti og ideologiar", "Å argumentere for ulike politiske syn" og "Lag ei meiningsmåling".

Identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader.
Valordning, stemmerett og politisk påverknad
(kapittel 9)
Korleis blir vala gjennomførte i Noreg?
Kven har stemmerett?
Korleis kan du påverke politikarane?

Streif (læreboka):
Side 120–126.
Oppgåve: 1, 3, 4, 10, 13.

Streif (nettstaden):
Elevoppgåvene og test-deg-sjølv-oppgåvene i kap. 9.

Gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet.
Det politiske systemet, arbeidet i Stortinget og regjeringa, parlamentarisme
(kapittel 8)
Korleis blir ei regjering danna?
Kva er parlamentarisme?
Kva oppgåver har Stortinget?
Kva oppgåver har regjeringa?
Kva er Sametinget?

Streif (læreboka):
Side 104–118.
Oppgåve: 3, 4, 5, 24.

Streif (nettstaden):
Test-deg-sjølv-oppgåvene i kap. 8
Elevoppgåvene om det norske demokratiet i kap. 8.

Gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar.
Dagens politiske situasjon Kva blei resultatet av det siste stortings- og sametingsvalet og kommunevalet?
Kva parti sit i regjeringa no?
Kven er statsminister?
Streif (nettstaden):
Følg med på aktuelle saker rundt valg på nettstaden til Streif og søk i nettavisene etter aktuelt stoff (sjå oversikt over nettaviser under ressursar på forsida).
Gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar.

Gode nettressursar i arbeid med val:

Til toppentiltoppen

Politiske parti og ideologiar (kapittel 8)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader

Forslag til undervisningsopplegg:

I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide i grupper med politiske parti og ideologiar. Kvar gruppe vel eitt politisk parti, som dei skal presentere for resten av klassen.

Produktet kan for eksempel vere ei veggavis eller ein lysbiletepresentasjon, og bør innehalde informasjon om følgjande aspekt ved partiet:

  • Kort om historia til partiet
  • Oppslutninga om partiet
  • Rolla til partiet i posisjon/opposisjon
  • Sentrale personar i partiet
  • Kva saker som er viktige for partiet
  • Kva ideologi(ar) partiet byggjer på, og korleis denne ideologien eller desse ideologiane viser seg i standpunkta til partiet

Nettstader:

 

Til toppentiltoppen

Å argumentere for ulike politiske syn (kapittel 8)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

Identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader

Forslag til undervisningsopplegg:

Læreplanen seier at elevane skal kunne argumentere frå ulike politiske ståstader. Dette undervisningsopplegget er ei diskusjonsoppgåve der elevane skal arbeide saman to og to. Elevane vel to parti kvar og skal finne ut kva desse partia meiner om to saker. Elevane kan for eksempel velje eldrepolitikk, miljø, karakterar i skulen eller andre saker dei er opptekne av. Dei kan gjerne velje saker som er aktuelle der dei bur.

I den kommenterte lenkjesamlinga på ressurssida finn elevane lenkjer til alle dei politiske partia. Når dei har sett seg inn i kva partia deira meiner om dei to sakene, skal dei leggje det fram for den andre eleven. Hugs at meiningane til elevane ikkje speler nokon rolle. Her skal dei argumentere for kva partia deira står for.

Til toppentiltoppen

Lage ei meiningsmåling om partival (kapittel 9)

I samfunnsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne rekne i samfunnsfag inneber å behandle og samanlikne talmateriale om faglege tema, og å bruke, tolke og lage tabellar og grafiske framstillingar. Rekning i samfunnsfag handlar òg om å gjere undersøkingar med teljing, bruke målestokk på kart og rekne med tid.

Forslag til undervisningsopplegg:
Ei enkel form for undersøking er ei politisk meiningsmåling. I dette forslaget til undervisningsopplegg skal elevane arbeide i grupper, og lage ei meiningsmåling om partival.

Spørsmålet dei skal stille, er:

Dersom du skulle stemme ved Stortingsvalet i dag, kva parti ville du stemme på?

Elevane må bli samde om kven meiningsmålinga skal omfatte. Skal ho gjelde for elevar på skolen? Skal dei spørje folk på kjøpesenteret, på bensinstasjonen, eller på ein annan stad? I alle tilfelle er det viktig å lage eit representativt utval dersom dei vel ei gruppe der dei ikkje kan spørje alle.

Gruppene lagar eit skjema der dei set opp variablar som for eksempel kjønn, alder og yrke, ut frå kva samanhengar dei vil seie noko om. Etterpå presenter dei resultatet for medelevane ved hjelp av ei grafisk framstilling eller ein tabell. Dersom det er fleire som har undersøkt same gruppe og med same variablar, kan det vere interessant å sjå om dei har komme fram til same resultat. Diskuter verdien av meiningsmålingar i klassen som ei oppsummering.

Læraren må hjelpe elevane med å gjennomføre meiningsmålinga. Kanskje stoffet under "Metode og statistikk" i lærarressursen kan vere til hjelp når han eller ho skal lose elevane gjennom ein plan for undersøkinga?

Ei undersøking må ha ei eller fleire problemstillingar. I dette tilfellet er problemstillinga å sjå kor stor oppslutning dei ulike partia får i ei bestemt gruppe, for eksempel i alle Vg2-klassane på skolen, på heile skolen eller blant folk elevane møter på kjøpesenteret. Kanskje vil elevane samanlikne to grupper, for eksempel elevar på Vg1 og på Vg3. Elevane kan også formulere ein hypotese og prøve å finne ut om det for eksempel er slik at eldre stemmer meir konservativt enn yngre.

Dersom det er elevar i vidaregåande skole som skal undersøkjast, gir utvalet av personar som skal spørjast, seg sjølv. Dersom utvalet skal vere representativt, må elevane finne ut kva som er representativt for den gruppa dei vil undersøkje. Da er det eigenskapane til dei som skal undersøkjast, som er viktige. Det kan også vere behov for å dele inn deltakarane i undersøkinga i kategoriar, for eksempel Vg2-elevar, eldre (det vil seie personar over 60 år), osv.

Så må elevane finne ut korleis dei skal samle inn data, altså kva for ein undersøkingsmetode dei vil bruke. Skal dei lage spørjeskjema på papir? Skal dei lage ei undersøking på Internett? Skal dei hente inn munnlege svar og notere dei ned? Her er det ulike vurderingar som må gjerast. Dei må for eksempel tenkje over om spørsmålet som blir stilt, er sensitivt, og om dei dermed kanskje ikkje får eit ærleg svar. Er det slik at somme vil synast det er ugreitt å fortelje ein elev kva for eit parti dei stemmer på? Kanskje. Da vil spørjeskjema som er anonyme, vere ei betre løysing enn munnleg registrering av svara.

Elevane kan sjølvsagt utvide undersøkinga til å ta opp fleire spørsmål enn kva for eit parti folk vil stemme på. Dei kan for eksempel spørje folk om kva dei stemde ved det førre stortingsvalet, for dermed å kunne seie noko om utvikling og tendens. Dei kan spørje om kva saker som er viktige for det valet folk gjer. Det er viktig å presisere at spørsmåla må vere nøytrale, og at dei bør krevje korte svar. Spørsmåla må ikkje vere leiande («Du stemmer vel ikkje Venstre?»), dei må vere eintydige og det må vere gitt klare svaralternativ – avkryssing med alternativ er greitt å telje opp i ettertid.

Når alle data er samla inn, må dei teljast og systematiserast. Det er problemstillingane og variablane som avgjer korleis systematiseringa blir. Her må elevane prøve og feile seg fram. Etter at resultata er talde opp, må elevane bli samde om presentasjonsform. Skal dei lage ein tabell eller ei anna form for figur?

Til slutt må elevane gjere seg nokre tankar om det dei har funne ut – dei må analysere materialet. Da må dei sjå resultatet i lys av problemstillinga eller problemstillingane. Har undersøkinga gitt svar på det dei spurde om? Er svara som forventa? Er hypotesen stadfesta?

Nettstader:

Til toppentiltoppen

Statsbudsjettet (kapittel 10)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk
  • diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane den står overfor

Ein introduksjon kan vere Stortingets video om statsbudsjettet - ein humoristisk presentasjon med Bård Tufte Johansen. Sjå også oppgåvene under videoen.

Forslag til undervisningsopplegg om årets statsbudsjett:

Eit statsbudsjett er oversikta til regjeringa over inntektene og utgiftene til staten for eit bestemt år. Statsbudsjettet seier mykje om politikken i Noreg og kva som blir prioritert. I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide i grupper og sjå nærmare på statsbudsjettet for inneverande år.

Spørsmål:

  1. Kva departement er ansvarleg for å utforme statsbudsjettet?
  2. Kor store er inntektene og utgiftene til staten i statsbudsjettet i år?
  3. Gjer kort greie for hovudpunkta i budsjettet.
  4. Kva meiner opposisjonen om det?
  5. Bruk lenkja med fylkesoversikt i statsbudsjettet til å plukke ut tre konkrete tiltak som er nemnde som spesielt viktige for fylket ditt. Prøv å finne ut kor mykje pengar det er løyvd til kvart av desse tiltaka. Diskuter kva de synest om desse tiltaka. Har de andre oppfatningar om kva som er viktig å satse på i fylket dykkar?

Her kan du lese om statsbudsjettet:

Til toppentiltoppen

Korleis er det å bu der elevane bur? (kapittel 10)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • definere omgrepet levestandard, gjere greie for årsaker til at levestandarden i Noreg har auka og diskutere om auken har ført til betre livskvalitet
  • diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane den står overfor

I samfunnsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å bruke digitale kommunikasjons- og samarbeidsreiskapar inneber å utarbeide, presentere og publisere eigne og felles multimediale produkt (…)

Noreg har fleire gonger blitt kåra til det beste landet i verda å bu i. Men korleis er det i den byen eller på den staden elevane bur? Er folk flest nøgde med å bu der?

Forslag til undervisningsopplegg:

Før læraren deler klassen inn i grupper, kan dei begynne med å sjå på reportasjen frå Aftenposten frå oktober 2009, der personar i Oslo blir spurde om korleis dei synest det er å bu i Noreg.

Elevane får i oppdrag å lage eit liknande filmklipp, basert på personar i nærmiljøet. Målet med oppdraget er å finne ut kor nøgde folk flest er med å bu på den staden dei bur, og kva dei er nøgde eller misnøgde med. Korleis elevane heilt konkret vil formulere spørsmåla sine, er opp til kvar enkelt gruppe.

Dei må også vurdere kvar det er mest føremålstenleg å gjennomføre intervjua. Kanskje det er eit torg i nærleiken av skolen som mange personar kjem forbi, eller ein butikk, bensinstasjon eller ein annan møteplass i nærmiljøet? Elevane bør også ha nokre tankar om målgruppa før dei gjennomfører intervjuet. Kor mange skal dei intervjue, og kven? Skal dei ta sikte på å intervjue eit mest mogleg representativt utval frå heimbyen eller heimstaden, eller skal dei konsentrere seg om for eksempel eldre folk eller ungdom?

Spørsmål til ein eventuell diskusjon etter at gruppene har presentert filmklippa for klassen:

  • Var dei som blei intervjua, nøgde med å bu der dei bur?
  • Kva var dei nøgde/misnøgde med?
  • Kva kan politikarane gjere for at innbyggjarane på heimstaden blir meir nøgde med å bu der dei bur?
  • Kva tankar har elevane rundt samanhengen mellom kva velferds- og kulturtilbod innbyggjarane har der dei bur, og kor nøgde dei er med å bu der?
  • Samanlikne resultata frå intervjua til dei ulike gruppene. Er resultata stort sett dei same, eller skil dei seg mykje frå kvarandre? Dersom variasjonen på resultata er stor – kva kan vere årsaka? (Stikkord: Kva spørsmål blei stilte til intervjuobjekta? Kor mange personar blei intervjua? Kven blei intervjua?) 

Til toppentiltoppen

Velferdsstaten -rikdom og fattigdom (kapittel 10 og 13)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • forklare kva som ligg til grunn for velferdsstaten og vurdere utfordringar som velferdsstaten står overfor
  • definere omgrepet levestandard, gjere greie for årsaker til at levestandarden i Noreg har auka og diskutere om auken har ført til betre livskvalitet
  • gjere greie for årsaker til at somme land er fattige og somme rike og drøfte tiltak for å redusere fattigdom i verda

Velferdsstaten

Undervisningsopplegg og videoar på Finansdepartements ungdsomssider.

Rikdom og fattigdom

Korleis skal vi forklare at somme land, for eksempel Noreg, har oppnådd ein nærmast eventyrleg levestandard, mens folk i andre delar av verda knapt nok får dekt dei mest grunnleggjande behova sine? Korleis kan fattigdomen i verda bli redusert? Dette er sentrale spørsmål i følgjande forslag til undervisningsopplegg:

A) Felles diskusjon i klassen

Opplegget kan begynne med ein felles diskusjon i klassen der desse spørsmåla blir tekne opp:

  • Kva inneber høg levestandard, og korleis kan ein måle levestandarden i eit land?
  • Tyder høg levestandard nødvendigvis at livskvaliteten òg er høg?
  • Kvifor er somme land rike og somme fattige? (Relevante stikkord kan for eksempel vere: naturressursar, geografiske forhold, kulturelle forhold, indre politiske forhold, utanrikspolitiske forhold)

B) Gruppearbeid

Klassen blir deretter delt inn i grupper, som kvar skal ta for seg utviklinga i eit land i verda. Gruppene vel i utgangspunkt sjølve kva for eit land dei ønskjer å arbeide med, men læraren bør likevel sørgje for at det blir ei nokolunde jamn fordeling av land frå ulike delar av verda.

Kvar gruppe førebur ein presentasjon for klassen om det landet dei har valt ut. Presentasjonen bør seie noko om levestandarden i landet, og om bakgrunnen for den situasjonen landet er i. Er det eit rikt land eller eit fattig land, eller er det vanskeleg å plassere landet i éin av desse to kategoriane? Viss landet kan bli definert som eit fattig land, bør gruppa også komme med nokre forslag til tiltak for korleis det kan komme ut av fattigdomen.

C) Samanlikning og felles oppsummering av resultata

Elevane samanliknar og oppsummerer resultata i fellesskap til slutt.

  • Kva meiner klassen er dei viktigaste årsakene til dei store økonomiske skilnadene i verda?
  • Er det nokre mønster som går igjen, eller er det dei individuelle særtrekka til kvart land som dominerer?
  • Korleis kan fattigdomen i verda bli redusert? 

Til toppentiltoppen