Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
1. Kva er eit demokrati?
a) Demokrati betyr folkestyre. Sjølv om land med demokrati er veldig forskjellige, har dei også mange fellestrekk.
-
Lag din eigen definisjon av omgrepet demokrati.
-
Lag din eigen definisjon av omgrepet e-demokrati.
Les i læreboka (sjå Streif s. 88–89) og sjå for eksempel på nettsidene til ung.no,
ordboka til Universitetet i Oslo/Språkrådet
og Store norske leksikon for å finne ulike definisjonar av omgrepet demokrati.
I tillegg til å høre på lydklippet øvst på sida kan du også lære meir om e-demokrati i artikkelen " Kva er e-demokrati?" på nettsida til
Dokumentasjonssenteret.
b) Nettstaden economist.com har laga eit oversyn over
kor demokratiske ulike land er. Dei har sett opp ulike kriterium, som valprosess, korleis regjeringa fungerer, politisk deltaking, politisk kultur
og borgarfridom som måleeiningar, og vurdert landa ut ifrå desse kriteria.
-
Kva bestemmer om eit land er demokratisk eller ikkje?
-
Trur du det er nokon samanheng mellom kor utbreidd e-demokratiet er i eit land, og kor demokratisk landet er?
-
Kvifor trur du Sverige er meir demokratisk enn Noreg? Og kvifor trur du USA hamnar på 17. plass og Storbritannia på 23.?
-
Er det nokon samanheng mellom styreform og økonomi?
-
Er det noko som overraskar deg i oversynet?
c) I innslaget frå NRK om Iran blir det spurt om landet er eit diktatur
eller eit demokrati.
-
Kva argument blir dregne fram for at Iran er eit diktatur?
-
Kva argument blir dregne fram for at Iran er eit demokrati?
-
Kva meiner du? Er Iran eit diktatur eller eit demokrati?
d) Kva har du lært om demokratiomgrepet? Test kunnskapane dine i quizen " Hva vet du om demokrati?" på nettsida ung.no.
2. Styreform, rettsstat og menneskerettar
a) Kva er ein rettsstat?
-
Kva samanhengar er det mellom ein rettsstat og eit demokrati? Er det nokon av kjenneteikna på eit demokrati som også er kjenneteikn på ein
rettsstat?
-
Kan eit land vere eit demokrati, men ikkje ein rettsstat? Og kan eit land vere eit diktatur og samtidig ein rettsstat?
Les i læreboka (sjå Streif s. 90) og sjå på definisjonane du finn på nettsida til artikkelsamlinga Hvor hender det? frå NUPI for å finne
bakgrunnsinformasjon om rettsstatar og demokrati.
b) Kva er menneskerettane?
-
Kom med eksempel på menneskerettar.
-
Kva erklæringar/konvensjonar om menneskerettar er bindande, og kva er ikkje bindande?
-
Kven har ansvaret for å sikre menneskerettane?
-
Menneskerettane er blitt kritiserte. Kva trur du denne kritikken går ut på?
På nettstaden til FN-sambandet og i
læreboka (sjå Streif s. 89–90) kan du lese om menneskerettane.
c) Amnesty International arbeider med å kartleggje menneskerettsbrot og prøve å få slutt på
dei.
-
Kva land krenkjer menneskerettane?
-
Er det nokon samanheng mellom omfanget av menneskerettsbrot og styreform?
På nettsida til FN-sambandet kan du lese meir om brot på menneskerettane
.
d) På kva måte kan du vere med på å arbeide for menneskerettane i eit e-demokrati?
[...] kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet
3. Utfordringar for demokratiet
a) I mange land er korrupsjon eit stort problem.
-
Kva er korrupsjon?
-
I kva område og land er korrupsjon mest utbreidd?
-
På kva måte er korrupsjon ein trussel for demokratiet?
På nettsida til globalis.no kan du finne statistikk om korrupsjon.
b) Kva utfordringar ser du ved eit e-demokrati?
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar
1. Det norske demokratiet
I Noreg er makta delt mellom ei lovgivande makt (Stortinget), ei utøvande makt (regjeringa) og ei dømmande makt (domstolane). I tillegg har vi eit
lokaldemokrati som består av fylkeskommunar og kommunar. Sametinget skal sikre dei rettane samane har innanfor det norske demokratiet. Noreg er
også eit monarki. Det vil seie at vi har ein konge som statsoverhovud.
a) Stortingets arbeid:
- Kva oppgåver har Stortinget?
- Kva er ei partigruppe, og kva gjer ho?
- Kva er ein komité?
- Korleis blir ei lov til?
- Kva andre saker enn lover arbeider Stortinget med?
På undervisningssidene til Stortinget finn du informasjon om Stortinget og
arbeidet på Stortinget.
b) Kva saker er regjeringa oppteken av akkurat no? Er dette saker som er viktige for deg?
Sjekk kva saker regjeringa arbeider med no, på www.regjeringen.no.
c) Korleis er forholdet mellom Stortinget og regjeringa?
For å svare på dette spørsmålet må du lese om parlamentarisme. I læreboka (sjåStreif s. 109) og på nettsida til ordboka til Universitetet i Oslo/Språkrådet kan du finne definisjonar av omgrepet parlamentarisme.
d) Treng vi Sametinget? Dette spørsmålet blei
stilt i ein pubdebatt under samisk kulturveke i 2010. Kva meiner du?
I artikkelen "Diskuterer Sametinget på brun pub" frå nrk.no kan
du lese meir om pubdebatten.
e) Kva oppgåver har kongen i dag som gir han makt? Kva ville truleg ha skjedd dersom kongen ikkje følgde lova? Kor stor makt har eigentleg kongen?
I lydklippet "Hvor stor makt har egentlig kongen" frå NRK kan du høre meir
om kor mykje makt kongen har i Noreg.
f) På kva måte har du makt i eit demokrati? Trur du at du har meir makt i eit e-demokrati enn i eit meir tradisjonelt demokrati?
I lydklippet "E-demokrati" øvst på sida kan du finne ulike eksempel på kva makt du har i eit demokrati.
identifisere grunnleggjande forskjellar mellom dei politiske partia i Noreg og argumentere frå ulike politiske ståstader
2. Politiske parti
a) Kva parti passar for deg?
Prøv Aftenpostens valomat og finn ut kva parti
som passar best for deg.
b) Norske veljarar stemmer ikkje på det same partiet ved kvart val, og mange stemmer ikkje i det heile.
- Kva trur du er årsaka til at mange bestemmer seg i siste liten for kva dei skal stemme?
- Kvifor trur du mange skiftar parti ofte?
- Har media meir makt enn dei politiske partia?
I lydklippet frå NRK-programmet Kurer kan du høre om
politikk, media og val.
c) I lydklippet øvst på sida blir det sagt at politikarane er avhengige av folket. Dette gjeld også for partia.
På kva måte trur du at partia er avhengige av deg?
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet
1. Å stemme ved val
a)
-
Kva er du med på å bestemme når du stemmer ved eit val?
-
Kor ofte er det val i Noreg?
-
Kven har stemmerett i Noreg?
-
Kva må du ha med deg når du skal stemme?
-
Kvar kan du stemme på førehand og på sjølve valdagen?
På nettstaden til Kommunal- og regionaldepartementet finn du ein informasjonsfilm der du mellom anna får vite korleis ein stemmer ved stortingsval.
b) Stemmerettsalderen i Noreg er i dag 18 år. Det blir diskutert om han bør setjast ned til 16 år. Fleire norske kommunar var med på eit prøveprosjekt der 16-åringar fekk stemmerett ved kommunevalet i 2011.
-
Ville du ha brukt stemmeretten din dersom du hadde hatt høve til å stemme ved stortings- og sametingsvalet og ved kommunevalet? Kvifor / kvifor ikkje?
-
Synest du at 16-åringar bør få stemmerett?
I innslaget frå Dagsrevyen i NRK får du vite meir om dette prosjektet, og kva reaksjonar det fekk i forkant av kommunevalet.
2. Å påverke politikken
a)I lydklippet "E-demokrati" øvst på sida blir det sagt at du kan ta direkte kontakt med og påverke dei som bestemmer ved hjelp av "dei moderne tekniske hjelpemidla".
-
Kva hjelpemiddel trur du dette er snakk om?
-
Dersom du skulle ta kontakt med dei som bestemmer, kva sak ville du ha teke opp, og korleis ville du ha kontakta dei?
b) Det er fleire måtar du kan påverke politikken på sjølv om du ikkje har stemmerett. Ein vanleg måte er ulike aksjonar. Ei sak som har ført til bruk av fleire ulike aksjonsformer, er planane om å byggje kraftmaster i Hardanger.
Kva ulike aksjonsformer har vore tekne i bruk i denne saka? Har aksjonane ført fram?
I sosiale medium og på nettsidene til regjeringen.no, nrk.no og stoppkraftlinja.no kan du lese meir om aksjonane rundt kraftmastene i Hardanger.
c) Sivil ulydnad er ei omstridd aksjonsform. Mange meiner det er udemokratisk, mens andre meiner det kan forsvarast å bruke sivil ulydnad i tilfelle der demokratiet ikkje fungerer godt nok.
-
Kva er sivil ulydnad?
-
Kva meiner du om sivil ulydnad?
-
Er det saker du kunne tenkje deg å delta i sivil ulydnad for?
På nettsidene til Natur og ungdom presenterer organisasjonen sitt syn på sivil ulydnad. Du kan også lese meir om sivil ulydnad på nettsida til Store norske leksikon.
d) Trur du at e-demokratiet kan få fleire unge til å delta i politikken?
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk
1. Norsk økonomisk politikk
- Kva er økonomisk politikk
- Kven vedtek den økonomiske politikken i Noreg?
- Kven har ansvaret for å følgje opp den politikken som blir vedteken?
- Kva er handlingsregelen, og kva er føremålet med den?
På nettstaden til Finansdepartementet, Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå kan du finne informasjon om norsk økonomisk politikk.
2. Oljen og norsk økonomi
Olje og gass gir store inntekter til det norske samfunnet. Staten tener pengar på og mange menneske arbeider i næringar som har med olje- og gassverksemd å gjere. På Statistisk sentralbyrås temaside om olje og gass og oversikt over statistikk om energiforbruk i Noreg kan du finne ut meir om kva rolle oljen speler i norsk økonomi.
- Kor stor del av den norske befolkninga er sysselsett i oljesektoren?
- Kor stor del av BNP utgjer oljesektoren?
- Kor stor del av eksporten frå Noreg består av olje og gass?
- Kor stort er Statens pensjonsfond Utland (ofte kalla «Oljefondet»)?
- Kva fornybare energikjelder finst det, og kva for nokon er i bruk i Noreg?
forklare kva som ligg til grunn for velferdsstaten og vurdere utfordringar som velferdsstaten står overfor
3. Velferdsstaten
Kva betyr velferdsstaten Noreg for dei som har opplevd noko anna? Og kva har ein god velferdsstat gjort oss nordmenn til? Dette er spørsmål som blir stilte til ein iranar, ein kongolesar og ein polakk i lydklippet Hvem er vi? frå NRK-programmet Norgesglasset. Kva svar gir dei?
- Ifølgje iranaren er den norske velferdsstaten i verdsklasse. Korleis grunngir han den påstanden?
- Kva er ifølgje kongolesaren forskjellen på ein fattig nordmann og ein fattig afrikanar?
- "Ei norsk kvinne har det betre enn ei polsk kvinne." Korleis grunngir polakken denne påstanden?
4. Å påverke velferdspolitikken
I eit e-demokrati har du gode moglegheiter til å ta kontakt med politikarane og påverke politikken direkte.
- Dersom du skulle ta kontakt med ein politikar for å prøve å påverke velferdspolitikken, kva sak ville du ha teke opp, og kva verkemiddel ville du ha brukt for å nå fram til politikaren?
- Trur du det ville ha nytta å ta direkte kontakt med politikarane?
I lydklippet øvst på sida kan du høre om kva eit e-demokrati er, og finne eksempel på korleis du kan påverke politikarane direkte.
5. Fleire fattige i Noreg
a) "Er du fattig, er det fordi du fortener det." Dette synet oppdaga psykologiprofessor Kjell Underlid at mange stod for, da han samanlikna livet på den økonomiske solsida med livet på skuggesida.
Er du samd i dette synet?
I lydklippet "Fattig? Takk deg sjølv!" frå NRK kan du høre meir om undersøkinga til Underlid.
b) I 2005 lova tidlegare finansminister Kristin Halvorsen at ho skulle kjempe mot fattigdommen i Noreg. Ny statistikk viser likevel at det har blitt fleire fattige i Noreg dei siste åra.
- Korleis kan ein definere ein fattig person?
- Kvifor har fleire hamna under fattigdomsgrensa i Noreg dei siste åra, trur du?
I artiklane "Sier unnskyld til de fattige" frå e24.no og på temasida om sosialhjelp frå ung.no kan du lese meir om fattigdom i Noreg.
- Korleis trur du det er å tigge?
- Kvifor er tigging ofte knytt til skam, trur du?
- Korleis blir tiggarane møtte av andre menneske?
- Kven gir oftast og kven gir sjeldan pengar til tiggarane? Kvifor trur du det er slik?
- Bruker du å gi pengar til tiggarar? Kvifor / kvifor ikkje?
definere omgrepet levestandard og livskvalitet, gjere greie for årsaker til at levestandarden i Noreg har auka og diskutere om auken har ført til betre livskvalitet
6. Noreg – verdas beste land å bu i?
a) I årsrapporten frå FNs utviklingsprogram (UNDP) for 2010 er Noreg kåra til verdas beste land å bu i.
Kva trur du ligg bak dette?
I artikkelen "FN: Best å bo i Norge" frå nettstaden abcnyheter.no kan du lese om rapporten frå UNDP.
b) Korleis er det å bu i Noreg? Kva kan Noreg bli betre på?
I eit filmklipp frå Aftenposten om ein busstur frå vest til aust i Oslo kan du høre korleis folk i Oslo synest det er å bu i Noreg.
c) Artikkelen "Finland verdens beste land å bo i" frå nrk.no viser til ei undersøking med eit heilt anna resultat.
- Kvifor trur du denne undersøkinga har eit anna resultat?
- Kva fortel desse undersøkingane oss? Viser dei for eksempel at menneske i land øvst på lista nødvendigvis er lykkelegare enn dei lenger nede på lista?