Tolke bilete
I ei avis eller i eit tidsskrift tek fotografen og redaksjonen mange val før dei aktuelle bileta blir plukka ut og publiserte. Ved å sjå bilete i ein større samanheng kan ein trene seg opp til å forstå kva redaksjonelle bilete fortel om ei hending eller ein person. Dokumentet "Biletanalyse" av Paul S. Amundsen er ei innføring i analyse av bilete, og inneheld mange eksempel på biletanalyse og gode idear til oppgåver.
Kapittel 6: Forslag til tolking av biletet på side 76-77 i Streif
Bilettekst: Jæren, 2007: Uvanleg godt integrert i den lokale kulturen - eller annleislandet i full blomstring? Kreditering: Samfoto/Knut Egil WangKva ser vi?
Både framgrunnen og bakgrunnen i biletet er mørk. To utelamper med sterkt lys forsterkar neonskiltet på taket av McDonald's, og blikket blir drege mot den retninga som traktoren kjører. Vi ser traktoren godt, plassert framfor bygningen og med refleksar av lys over seg. I framgrunnen skimtar vi det tradisjonelle steingjerdet på Jæren.
Kva vil fotografen fortelje oss med dette biletet?
- Vise at tradisjon og modernitet lever side om side?
- At det lokale og det globale godt kan leve saman?
- Utfordre fordommane våre? Ler vi av denne samanstillinga, og kvifor gjer vi i så fall det? Har vi fordommar om Bygde-Noreg?
- Åtvare mot kunstige og sterile innslag i tradisjonsrike bygdekulturar? Seie at McDonald's-imperialismen snik seg inn overalt og øydelegg tradisjonelle verdiar og landskap?
- Eller er det berre eit fint bilete av ein traktorførar som skal kjøpe seg mat - ei tilfeldig hending?
- Kva med oss som ser? Ser vi det berre som eit flott bilete - til og med som eit poetisk bilete av eit utsnitt av ein røyndom vi kjenner?
Biletet er henta frå boka Traktorland av Knut Egil Wang (Cappelen 2008). Traktorland er ei fotobok om traktorar og traktorkultur på Jæren. Sjå www.knutegilwang.com for fleire bilete i same serie.
Kapittel 6: Forslag til tolking av bileta på side 78 og 79 i Streif
Bilettekst: Frå eit gjengmiljø i Oslo Kreditering:All over Press/Dagbladet/Aleksander Nordahl
Oppgåve 17 i boka: Kva ser du i framgrunnen? Kva ser du i bakgrunnen? Er det noko du finn påfallande? Kva tolking synest du fotografane legg opp til?
Biletet på side 78:
Kva ser vi?
Framgrunnen er dominert av halve ansiktet til ein ung mann. Auget og blikket ser rett på oss. Handa dekkjer over nedste delen av ansiktet. Vi ser at han har øyrering, han har mørk hudfarge og er kledd i ei svart T-skjorte. Guten ønskjer å dekkje seg til og vere anonym. Kvifor?
Gutane i bakgrunnen vender ryggen til oss. Dei vil også vere anonyme. Vi ser at dei er unge, ut frå klesdrakt, kroppsbygnad og kroppshaldning. Er det skotsikre vestar dei har på seg?
Kva vil fotografen fortelje oss med dette biletet?
Jamvel utan bilettekst hadde nok tolkinga vår gått i retning av eit gjengmiljø, kriminelle innvandrarar i det moderne Noreg. Dei er ikkje einskildindivid for oss, men representerer visse grupper som vi kjenner til via medieoppslag. Vil fotografen da utfordre fordommane våre om at «alle svarte unggutar er noko vi bør vere redde for»?
Biletet på side 79:
Bilettekst: Frå feriestaden Benidorm i Spania Kreditering: All Over Press/Magnum Photos/Martin Parr
Kva ser vi?
Framgrunnen er dominert av eit eldre par som vi ser bakfrå. Dei er kvite, dei er anonyme og dei har like hovudplagg. Vi trur dei er eldre, ut frå det vi ser av kroppshaldning og klesdrakt. Vi ser at dei er i «Syden» ein stad, fordi dei ser på eit strandmiljø, og fordi vi ser noko som minner om hotellkompleks i bakgrunnen.
Biletteksten seier kvar vi er, og vi veit at mange norske pensjonistar har langtidsferie eller feriebustad i Spania. Men vi hadde vel kunna gjette det likevel? Dei er framande på staden der dei er, dei er tilskodarar. Vi ser ikkje ansiktsuttrykket deira. For fotografen er det tydeleg at det er paret som er objektet.
Begge bileta:
Kva vil fotografane fortelje oss med desse bileta?
- Bileta er tydeleg arrangerte og signaliserer ei haldning hos fotografane. Kanskje vil dei utfordre stereotypiane våre om ulike grupper? Vi har så lett for å dømme utan å tenkje på einskildtindivid.
- Eller vil dei vise at den eine gruppementaliteten og gruppeåtferda ikkje er noko betre enn den andre?
- Eller vil dei ganske enkelt hengje ut det dei oppfattar som klare grupper i Noreg?
Kvifor trur du desse to bileta er stilt saman i boka? Kva meiner du det kan seie om kva biletredaktøren av boka vil ha fokus på?
Kapittel 6: Forslag til tolking av biletet på side 80-81 i Streif
Oppgåve 18 i boka:
Studer biletet på side 80-81. Kva ser du på biletet? Kva inntrykk gir forholdet mellom framgrunn og bakgrunn? Kjenner du igjen noko i komposisjonen på biletet frå andre medieoppslag om ulike grupper i samfunnet?
Nokre punkt til ei tolking:
Kva ser vi?

Kreditering: All Over Press/Magnum Photos/Ferdinando Scianna
Vi ser eit halvt ansikt med mørk hudfarge, med fokus på dei brune auga. Bak henne er eit utsnitt av eit anna ansikt med kvit hudfarge og blå auge.
Jenta i framgrunnen ser alvorleg inn i kameraet, blikket er tomt og matt. Blikket i bakgrunnen lyser klart og blått mot oss.
Kva vil fotografen fortelje oss med dette biletet?
- Kor sårbare innvandrarar i eit framandt land er, og særleg innvandrarar som skil seg ut frå majoritetsbefolkninga?
- Vil fotografen samtidig gi oss assosiasjonar i retning av at individet er sårbart og framandgjort i eit samfunn der alt blir kontrollert av staten? Og at minoritetar har eit særleg problem fordi dei også må innrette seg etter majoriteten? Tankane våre blir dregne i retning av eit kontrollsamfunn: Storebror ser deg.
- Det er også noko ved biletet som dreg oss i retning av science fiction og datastyrte hovud eller individ. Vi skal kanskje få sympati med den eine mot dei mange, med individet mot kollektivet?
I dette perspektivet kan det vere interessant også å vurdere bileta på side 43, 100-101, 170-172, 180-181, 202, 210-211 og 214.
Det er ein vanleg medieteknikk å framheve individet for å få merksemd om ei sak, for eksempel:
- einskildindividet som offer for ei gruppe eller for storsamfunnet
- einskildindividet som hevar seg over grupper og/eller storsamfunn
Be elevane for eksempel om å studere medieoppslag som har å gjere med store idrettsarrangement, næringslivssaker, kriminalsaker, menneske som ikkje får rettane sine eller hendingar frå Helse-Noreg.
Til toppen