Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid
1. Kulturomgrepet
a) Kva er kultur? Lag din eigen definisjon av omgrepet kultur.
- Kva har dei ulike definisjonane til felles?
- Korleis skil dei seg frå kvarandre?
2. Ulike kulturar på ulike stader
I læreboka (sjå side 62-64 i Streif) kan du lese om ulike kulturar i verda og i Noreg. Her finn du også fleire eksempel på delkulturar som lever side om side i det norske samfunnet, som for eksempel bykultur, bygdekultur og ungdomskultur. Du kan også lese om andre kulturar, som medlemmene i Karpe Diem har bakgrunn frå, på nettstaden til rapgruppa.
a) Kva kulturar (hovud- og delkulturar) finn du eksempel på i filmen " Fordommar" frå Elvebakken vidaregåande skole?
b) Finst dei kulturane du har funne eksempel på i filmen på den staden du bur? Eller er det andre kulturar som er representerte på heimstaden din?
3. Kulturar i endring
Kulturar er i stadig endring, og det som kjenneteiknar ein kultur i dag, gjeld kanskje ikkje for den same kulturen dersom ein ser tilbake i tid eller inn i framtida.
a) Kunne musikkvideoen til Karpe Diem ha blitt laga for ti år sidan? Eller for femti år sidan? Eller trur du innhaldet i videoen ville ha vore heilt annleis da? Korleis trur du videoen ville ha vore dersom han blei laga i år 2060?
b) Opphavet til hiphop-kulturen finn ein i afro-amerikanske ungdomsmiljø i bydelen The Bronx i New York på 1970-talet. Etter kvart fekk hiphop-kulturen også eit gjennombrot i Noreg, først og fremst gjennom dei mange norske rapartistane.
- I kva grad vil du seie at musikkvideoen til rapgruppa Karpe Diem er påverka av amerikansk kultur (tips: her kan du for eksempel sjå på språk, musikk, klede, stil og innhaldet i teksten)?
- Er du einig i at norsk kultur er amerikanisert? Gi nokre eksempel på amerikanisering av norsk kultur.
- Korleis skil amerikansk kultur seg frå den norske kulturen?
- Kva andre kulturar enn den amerikanske kulturen er du påverka av?
- Kva kulturar trur du vil prege det norske samfunnet i framtida?
I artikkelen "Cowboyene kommer" frå studvest.no kan du lese meir om amerikanisering av norsk kultur.
gje døme på korleis religion og etnisk variasjon påverkar samfunn og kultur
4. Religion og etnisk variasjon
I dette innslaget frå NRK-programmet Migrapolis og i musikkvideoen til Karpe Diem møter du fleire personar som blant anna fortel om forholdet sitt til religion og om å høre til i samfunnet.
a) Kva religionar er representerte i dei to filmklippa? Kva forhold har dei personane vi møter til religion?
b) Er religion og etnisk bakgrunn viktig for å føle at ein hører til i eit samfunn? Kva anna kan vere med på å gi deg kjensla av å høre til i for eksempel klassen, i lokalsamfunnet eller i samfunnet meir generelt?
c) På kva måte påverkar religion og etnisk variasjon det samfunnet og den kulturen du er ein del av?
presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
5. Typisk samisk?
a) Kva vil du seie er typiske kjenneteikn ved samisk kultur? Nemn nokre stikkord.
b) Korleis blir den samiske kulturen framstilt på nettstadene samer.no og infonuorra.no og på nettstaden til Sametinget? Kva skil desse framstillingane frå det du trekte fram som typiske kjenneteikn ved samisk kultur?
c) Kva vil det seie å vere urfolk, og kva trur du det har å seie for samane at dei er anerkjende som urfolk?
I artikkelen " Verdens urfolk" på nettstaden til Sametinget finn du meir informasjon om urfolk og samar.