Å tolke bilete
I ei avis eller i eit tidsskrift tek fotografen og redaksjonen mange val før dei aktuelle bileta blir plukka ut og publiserte. Ved å sjå bilete i ein større samanheng kan ein trene seg opp til å forstå kva redaksjonelle bilete fortel om ei hending eller ein person. Dokumentet "Biletanalyse" av Paul S. Amundsen er ei innføring i analyse av bilete, og inneheld mange eksempel på biletanalyse og gode idear til oppgåver.
Kapittel 2: Forslag til tolking av biletet på side 22-23 i Streif
Bilettekst: På den bilfrie øya Givær
Kreditering: Knut Egil Wang
Oppgåve 6 i boka:
Korleis har fotografen bak biletet framstilt det å gifte seg? Grunngi svaret ut frå komposisjonen i biletet.
Kva ser vi?
I framgrunnen: Eit nygift par. Brura dreg blikkboksar festa med eit tau. Dei kjem ein stad frå og skal ein stad til. Blikka er festa framover. Kva ser dei der framme?
I bakgrunnen: Ei rad like, tomme hus, eit norsk flagg. Bak husa er det ikkje noko – havet? Himmelen? Eller?
Fokus: Brureparet midt i biletet, ved eit vegkryss med tre val, og brureparet vel den eine. Husa som er målet for vandringa deira.
Kva vil fotografen fortelje oss med dette biletet?
Er dette ein tilfeldig setting, noko fotografen fanga opp ein dag på den bilfrie øya, eller er biletet arrangert? Dersom biletet er arrangert, vil fotografen noko meir enn å lage eit blinkskot. Vi spør også kvifor fotografen har valt å ta biletet i svart-kvitt. Understrekar det det golde og sterile som ligg i biletet?
Er det tilfeldig at landskapet er goldt, at husa er strenge og tomme? Er det tilfeldig at landskapet er goldt, og at det verkar som om desse husa er ved verdsens ende: hit og ikkje lenger? At du har komme fram, og her skal du bli?
Er det så vanskelege kår eit ekteskap har? Korleis kan ein byggje og utvikle eit samliv og ein familie under så strenge rammer?
Til toppen