Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg
1. Sosialisering av ungdom
a) "Om barna dine blir engler eller banditter som vaksne, har du som far eller mor stor innflytelse over", viser ei ny undersøking frå Høgskolen i Bergen.
-
Er du einig i dette? Korleis kan det foreldra gjer eller ikkje gjer, føre til at ungdommar blir lovbrytarar eller ikkje?
-
I artikkelen "Dårlig oppdragelse gir forbrytere" frå
Vårt Land blir det hevda at mangel på normer og sanksjonar kan føre til at ungdom får vanskar med å takle
kvardagen. Kva normer og sanksjonar kan det vere snakk om? Kva normer og sanksjonar meiner du er viktig for ungdom?
-
Er det skilnad på kva grenser foreldre set for jenter og for gutar i ungdomstida?
b) Det er ikkje lett å vere ungdom, men det er ikkje så lett å vere forelder heller.
c) I filmklippet "Objektiv lykke, finnes det?" (sjå øvst på sida) blir fleire ungdommar spurde om kva lykke er for dei.
-
Trur du det som gjer dei lykkelege no, framleis vil gjere dei lykkelege om 30 år? Eller trur du lykke vil bety noko anna for dei seinare i
livet?
forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar og diskutere kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid
2. Kjønnsroller
I alle kulturar er det spesielle oppfatningar av kva som er kvinneleg, og kva som er mannleg. Tradisjonelt har oppgåvene til kvinnene i
samfunnet vore knytte til det å ta vare på barn og heim, mens menn oftare har hatt oppgåver utanfor heimen. Likestillingstanken
i vår vestlege kultur i dag har utjamna mange av skilnadene mellom kvinne- og mannsroller. Eller?
a) Ifølgje artikkelen "
Barn og kjønnsroller: jeg vil ha rosa tøfler
" frå nettsida til Foreldre&Barn er det lettare for jenter å gjere guteting enn det er for gutar å gjere jenteting.
Er du einig i dette? Kva trur du årsakene til dette kan vere?
b) Kvifor er gutar og jenter ulike, og kvifor vel vi ofte ulike yrke? Er vi fødde slik eller blitt slik? Dette er spørsmål som
sosiolog og komikar Harald Eia stilte i tv-serien "Hjernevask" i 2010. Kva tenkjer du om dette?
I artikkelen "Likestillingsparadokset" forklarer
Eia og Ole Martin Ihle sitt syn på skilnader mellom kjønna. Dei seier mellom anna: "Internasjonale spørjeundersøkingar
viser at menn over heile verda er meir interesserte i å jobbe med tekniske yrke enn kvinner, mens kvinner overalt er mest interesserte i
å jobbe med sosiale. Og det rare er at kvinner ofte blir mindre interesserte i å jobbe innan tekniske fag dess meir likestilt landet
blir."
-
Korleis forklarer dei dette?
-
Er du einig eller ueinig med dei?
c) Kjønnsroller varierer mellom kulturar, men ulike oppfatningar av kva som er kvinneleg og mannleg, kan også eksistere samtidig
innanfor den same kulturen. Somme er meir likestilte, andre meir tradisjonelle. Kan du finne eksempel på dette frå Noreg?
-
For mange menn med innvandrarbakgrunn som er oppvaksne med eit meir tradisjonelt kjønnsrollemønster i sin kultur, kan den sterke
vektlegginga av likestilling i det norske samfunnet vere ei utfordring. På kva måte trur du likestillinga kan by på utfordringar
for desse mennene?
-
I artikkelen "
Åpenhjertig om kjønnsroller blant muslimske menn
" frå nettsida til Kilden - informasjonssenter for kjønnsforsking, kan du lese meir om korleis mange muslimske menn i Noreg opplever
dette.
d) I filmklippa "Damer mekker bil i Afrika" og " Møt en geisha" frå NRK kan du finne eksempel på
forskjellige kjønnsroller.
-
Kva fortel desse klippa om kjønnsroller og om korleis kjønnsroller varierer mellom og innanfor kulturar?
e) I dag meiner dei fleste i Noreg at kvinner og menn skal ha like moglegheiter, og at alle skal kunne velje fritt. Men slik har det ikkje alltid vore.
I tida etter den andre verdskrigen og fram til likestillingskampen i 1970-åra, var det vanleg at kvinner ikkje hadde lønt arbeid, men var
husmødrer.
-
Korleis trur du det var å vere husmor i 1950- og 1960-åra? Kva positive sider hadde husmorsamfunnet? Kva negative sider ser du ved det?
-
I artikkelen "Undertrykte lykkelige kvinner" frå forskning.no kan
du lese meir om husmorsamfunnet.
f) I filmklippet øvst på sida blir spørsmålet "Objektiv lykke, finnes det?" stilt. Kva meiner du om det?
-
Trur du det er forskjell på kva lykke betyr for ulike kjønn eller for personar frå ulike kulturar?
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer
1. Endringar i familie- og samlivsformer
Før industrialiseringa levde mange i storfamiliar i Noreg. Mange generasjonar hadde felles hushald og budde i same hus. I dag er
kjernefamilien det vanlegaste, men det finst framleis mange ulike familie- og samlivsformer i Noreg.
a) Kvifor vel dei fleste av oss å leve i ein kjernefamilie? Kva fordelar kan storfamilien ha?
b) Kjernefamiliar med homofile foreldre og barn er historisk sett ein ny familietype.
- Kva utfordringar gir denne familietypen, når det gjeld rettar i samfunnet? Kvifor er det mange ulike meiningar om homofile sin rett til å
adoptere og få barn, trur du? Kva meiner du?
- I artikkelen "Kjernefamilie med to mødre" frå
Aftenposten kan du møte ein slik kjernefamilie.
c) Ein stor del av den norske befolkninga bur aleine i dag. Somme bur aleine i delar av livet, for eksempel før dei giftar seg, eller fordi
dei har mista den dei delte livet med. Fleire og fleire bur også aleine heile livet.
- Kor mange bur aleine i Noreg i dag?
- Korleis har utviklinga vore dei siste åra?
- Kva trur du er årsakene til at fleire lever aleine?
I befolkningsstatistikken frå Statistisk sentralbyrå kan du finne meir informasjon om familielivet.
d) Er det å vere einsleg det same som å vere einsam?
- Kva kan einsemd gjere med dei som er einsame?
- Korleis kan ein unngå å bli einsam?
- Kjenner du nokon som er mykje aleine?
I filmklippet Ensomhet frå NRK-programmet Puls kan du
mellom anna møte ein person som har opplevd å vere einsam.
e) I filmklippet "Objektiv lykke, finnes det?", som du finn øvst på sida, nemner somme familie og gode venner når dei blir spurde om
kva som gjer dei lykkelege.
- Kvifor trur du familie og gode venner betyr så mykje for dei?
- Kor mykje betyr familie og gode venner for deg?
gjere greie for økonomiske og juridiske sider ved å gå inn i eit samliv og diskutere følgjer av samlivsbrot
2. Reglar for samliv
a) Mange lever saman utan å gifte seg. Dei er sambuarar. Derfor finst det no også reglar for sambuarskap.
b) Kva skilnader er det på rettane til homofile og heterofile som lever i partnarskap eller ekteskap? Kva meiner du om dette?
- Artikkelen "Homoekteskap"
frå ei utstilling på Norsk Folkemuseum gir eit godt oversyn over temaet.
c) Regissør og filmskapar Piers Sanderson skal gifte seg og er på jakt etter " løyndommen bak eit godt ekteskap". Derfor besøkjer han fleire
ektepar for å høre om erfaringane deira. I filmklippet frå NRK får du vite kva råd dei gir han.
- Kva råd ville du gitt til Piers?
3. Å gå kvar sin veg - samlivsbrot
a) Å bryte opp eit ekteskap eller sambuarforhold er smertefullt for dei det gjeld. Det blir ofte ekstra vanskeleg for barn når foreldra
går frå kvarandre.
- Kva konsekvensar kan samlivsbrot få for barn?
- Kva vil du rå foreldra til å gjere for å skåne barna mest mogleg ved eit samlivsbrot?
I denne informasjonsfaldaren frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og i artikkelen "Konsekvenser for barnet" på nettsida til
skilsmisse.net kan du lese meir om samlivsbrot og barn.
b) Samlivsbrot rammar mange menneske kvart år i Noreg. I befolkningsstatistikken til Statistisk sentralbyrå kan du finne ut kor mange som
gifta seg og skilde seg i fjor.
- Kor mange par inngjekk ekteskap i fjor?
- Kva andre opplysningar gir SSB om dei som giftar seg?
- Kor mange par tok ut skilsmisse og separasjon i fjor?
- Kva andre opplysningar gir SSB om dei som vel å gå frå kvarandre?
- Korleis er ekteskapsstatistikken (frå 1966 til i dag) for heimfylket ditt (sjå tabell 1 lenger nede på sida)?
- Korleis er statistikken for skilsmisse og separasjonar (frå 1966 til i dag) for heimfylket ditt (sjå tabell 2 lenger nede på
sida)?
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
rekne ut inntekter, planleggje pengeforbruk i ein familie ved å bruke ulike verktøy og vurdere korleis sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi
Tips: På ressursida finn du informasjon om bruk av rekneark og fleire eksempel på rekneark som kan vere til god hjelp når du arbeider med oppgåvene under.
1. Inntekt
a) Kva er skilnaden på lønn og inntekt? Nemn nokre eksempel på ulike typar inntekt.
b) Korleis er forholdet mellom norske kvinner og menn når det gjeld inntekt? Kva ligg bak denne forskjellen?
c) Håkon har ein ekstrajobb ved sida av skulen. Han arbeider i ein butikk som sel mobiltelefonar. Ordinær timelønn er 150 kroner. Ettersom han har mykje skulearbeid, har han berre høve til å jobbe laurdagar. Om laurdagen er det arbeidstid frå klokka 9 til klokka 17. Han jobbar i alt 30 laurdagar i året. Laurdagar er det 50 % overtidsbetaling i tillegg til ordinær lønn. Kva er Håkons samla brutto årslønn?
d) Oda jobbar tre vakter i veka på eit treningssenter. Ordinær timelønn er 185 kroner. Kvar tredje vakt er på ein søndag eller heilagdag med 100 % overtid. Kvar vakt er på 5 timar. Ho har ferie 4 veker i året. Kva er Odas brutto årslønn?
På Statistisk sentralbyrås temaside om inntekt og i ein artikkel om likelønn på nettstaden til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet kan du finne mykje nyttig informasjon om inntekt.
Sjå også modellen for utrekning av lønn i ressursfeltet nedst på sida.
2. Kva bruker du pengane dine på?
a) I innslaget frå NRK-programmet FBI nemner økonomieksperten brus som eit eksempel på ei vare som ikkje kostar så mykje, men som kan bli ein stor utgiftspost dersom ein kjøper det éin eller fleire gonger kvar dag.
- Har du nokon liknande utgiftspostar?
- Kva bruker du pengane dine på?
- Dersom du skal spare pengar, kva utgiftspostar kan du spare inn på?
- Korleis kan du få betre kontroll over økonomien din?
På nettstaden til ung.no kan du lese relevant bakgrunnsstoff om ungdom og forbruk.
b) Rekn ut kor stort forbruket ditt er ein vanleg månad. Korleis finansierer du dette forbruket?
3. Kva kostar familien din?
a) Bruk SIFOs kalkulator for å rekne ut kva familien din kostar ifølgje standardbudsjettet.
- Trur du tala du kjem fram til, er realistiske?
- Sjå også modellen for hushaldsbudsjett i ressursfeltet nedst på sida.
4. Låneopptak
a) I artikkelen "Halvparten låner til forbruk" frå nettstaden e24.no kjem det fram at nordmenn låner stadig meir pengar til forbruk.
- Kva fordelar og ulemper kan det ha å låne pengar til forbruk?
b) Kva er annuitetslån, og kva er serielån?
På nettstaden til Forbrukarrådet kan du finne ei kort forklaring på skilnaden mellom annuitetslån og serielån.
c) Bruk DnB NORs lånekalkulator til å rekne ut kor store dei månadlege utgiftene blir på eit bustadlån på 1 000 000 som skal betalast ned over 25 år med 4 prosent rente.
- Kvifor blir det du må betale den første månaden, høgare for eit serielån enn for eit annuitetslån?
Sjå også modellen for utrekning av lån i ressursfeltet nedst på sida.
d) Vel ei utdanning, og finn ut kor lenge du må studere for å fullføre denne utdanninga. Finn ut kor mykje du kan få i lån, og kor mykje dette lånet vil koste deg, ved hjelp av støttekalkulatoren og lånekalkulatoren til Lånekassa. Du vil låne mest mogleg for å få god tid til å studere.
- Kva vil lånet koste totalt?
- Kor mykje må du betale i kvar termin (1 år = 4 terminar)?
- Kor mange år etter avslutta utdanning vil du bruke på å betale tilbake lånet?
e) Du er student og leiger ein hybel midt i sentrum. No har det dukka opp eit tilbod på ein sofa som du berre "må" ha. Du ser at du ikkje har nok pengar akkurat no, og du er derfor nøydd til å bruke kredittkortet for å finansiere restsummen på 3000 kroner. Dette planlegg du å betale tilbake over 3 år. Gå til nettsida kredittkortinfo.no ( http://www.kredittkortinfo.no/kredittkort_test.php) og vel eit kredittkort. Ta med informasjonen om dette kortet til ein lånekalkulator, og finn ut:
- Kor mykje kostar dette lånet deg over 3 år?
- Kva skjer dersom du er for seint ute med betalingane?
- Kva kan skje dersom du etter eitt år skjønar at du ikkje maktar tilbakebetalinga?
drøfte rettane ein har som forbrukar og diskutere forbrukaren sitt etiske ansvar
5. Eg som forbrukar
a) Kva rettar har du som forbrukar når du kjøper ei vare i ein butikk?
På nettstaden til
Forbrukarrådet kan du finne informasjon om rettane til forbrukaren og lenkjer til aktuelle lover.
b) Kva vil det seie å vere ein bevisst forbrukar? Kva kan du gjere for å bli ein meir bevisst forbrukar?
På nettstadene til miljømerket Svanen,Etiskforbruk.no, Fairtrade Max Havelaar Norge og Initiativ for etisk handel og på Forbrukarrådets temasider om miljø kan du finne mykje informasjon om forbruk og etikk.
6. Ungdom og kjøpepress
- Korleis opplever du dette? Er kjøpepresset stort i vennegjengen eller på skulen din?
- Korleis og kvifor oppstår kjøpepress?
- Korleis kan kjøpepress motarbeidast?
7. Lykke og pengar
a) I filmklippet "Objektiv lykke, finnes det?", som du finn øvst på sida, nemner somme pengar når dei blir spurde om kva som gjer dei lykkelege.
- Kan lykke kjøpast for pengar?
- Gjer pengar deg lykkeleg?
I innslaget frå NRK Dagsrevyen kan du høyre kva som blir sagt om forholdet mellom pengar og lykke frå ulike hald.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke digitale verktøy til å finne informasjon om omfanget av kriminalitet i Noreg, grunngi kvifor samfunnet straffar og vurdere korleis
kriminalitet kan førebyggjast
1. Kriminalitet er så mangt
Det finst mange ulike typar kriminalitet og former for lovbrot. Her skal vi sjå nærmare på nokre av dei.
a) Kva er ID-tjuveri? Kva konsekvensar kan det få for deg om nokon stel identiteten din? Korleis kan du unngå at det skjer? Er du redd
for at nokon skal stele identiteten din?
b) Trekkspel, rosesal og tigging i Oslos gater kamuflerer organisert kriminalitet, ifølgje politiet. Kva trur du politiet meiner med det?
-
I filmklippet frå NRK
kan du høre meir om korleis visepolitimeisteren i Oslo grunngir denne påstanden.
-
Kva økonomiske konsekvensar kan fildeling få for dei ulike aktørane i musikkverda (for eksempel musikarar, plateselskap og
forbrukarar)? Kva meiner du om fildeling?
-
I filmklippet frå NRK kan du høre kva musikkgruppa
Karpe Diem synest om fildeling.
I oppgåve a, b og c har du sett eksempel på tre ulike former for kriminalitet. Er alle desse lovbrota like alvorlege? Kan du gradere dei
etter kva du meiner er mest og minst alvorleg? Kva meiner du straffa bør vere for dei tre lovbrota?
2. Kriminalitet i Noreg
-
Kva fortel statistikken om kriminaliteten i Noreg i fjor?
-
Kor mange lovbrot blei melde?
-
Kva slags brotsverk dominerte statistikken?
-
I kva fylke var det flest lovbrot, og i kva fylke var det færrast?
-
Korleis har kriminaliteten utvikla seg dei siste ti åra?
b) Kva veit du om ungdom og kriminalitet? Kva typar brotsverk trur du unge er mest involverte i?
3. Straff
Dei sanksjonane som samfunnet har ved lovbrot, kallar vi for straff. Det finst mange ulike former for straff, og synet på kva som er passande
straff, varierer over tid og frå samfunn til samfunn.
a) Kva straffeformer kjenner du til? Kva synest du om dei ulike straffeformene? Er det straffeformer vi ikkje har i Noreg som du synest vi burde
hatt? Er det straffeformer vi har i Noreg som du meiner ikkje fungerer?
b) Korleis blir ungdom mellom 15 og 18 år straffa for lovbrot dei gjer? Kva meiner du sjølv om desse straffereaksjonane?
c) Å sitje i fengsel
-
Korleis trur du det er å sitje i fengsel?
-
Kva meiner du sjølv om fengsel som straffemetode?
I filmklippet "Objektiv lykke, finnes det?" øvst på sida får ulike menneske spørsmål om kva som gjer dei lykkelege. I kor
stor grad meiner du at fridom er eit kriterium for å vere lykkeleg? Trur du for eksempel at ein kan oppleve lykke i eit fengsel?
I artikkelen "Bak murene på Ullersmo fengsel" frå
nettsida aktuell.no og gjennom fotografia i reportasjen " Jeg har sett mye trist" frå Dagens Næringsliv kan du få eit
inntrykk av korleis det kan vere å sitje i fengsel.
4. Å førebyggje kriminalitet
Korleis kan vi hindre at nokon gjer straffbare handlingar og blir kriminelle?
a) Korleis meiner du at ein kan førebyggje ungdomskriminalitet?
b) Kriminaliteten i heile den vestlege verda har stagnert og i somme tilfelle gått ned, men stadig fleire oppfattar Oslo som ein farleg by. I filmklippet frå NRK kan du høre korleis New York
har greidd å redusere kriminaliteten.
-
Kva metode har dei brukt i New York?
-
Trur du dette kan vere løysinga på kriminaliteten i dei store byane i Noreg? Kva med der du bur?
-
Som ei løysing på problemet vil FrP fjerne tiggarar, uteliggjarar, narkomane og prostituerte frå gata. Blir vi da
kvitt problema?