© Dudau | Dreamstime.com

Skamlause minoritetsjenter

Fleire unge kvinner har i det siste markert seg som «dei skamlause». Dei vil bryte med det dei kallar ein skamkultur som herskar i mange minoritetsmiljø.

Under Arendalsveka møttest Amina Bile, Nancy Herz, Hadia Tajik og Afshan Rafiq til samtale. Se dei 7 første minutta av samtalen.

  1. Er skam noko som òg rammar ungdom med «norsk» bakgrunn? Forklar.
  2. Kva med gutar – kan dei føle skam?
  3. Kva gjer det særleg vanskeleg for minoritetsjenter, ifølgje panelet? Stemmer det med dykkar eigne erfaringar?
  4. Hadia Tajik snakkar om «glasvegger» (06:35). Kva kan vi gjere for å bryte «glasveggene»? Føreslå tiltak for skule og samfunn.



Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar, og diskutere kvifor kjønnsroller endrar seg over tid
  • beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn

Lenkje