Foto og design: Mari Wesenberg

#metoo og #ViHarOpplevd

«Jeg har opplevd å bli tatt på puppene av fremmede menn jeg aldri har sett eller snakket med ...» @forfatterinnen

#metoo-kampanjen rysta heile den vestlege verda i 2017, men han hadde ein forløpar i den norske #ViHarOpplevd frå 2015. Videoen «Kommentarfeltet» blei laga av lærarskulestudentar i Oslo basert på postar frå denne kampanjen.


Gå saman to og to og sjå videoen. Plukk ut eit par opplevingar som gjer inntrykk på dykk.


Diskuter i klassen:

  1. Er opplevingane overdrivne, eller er det noko de kjenner dykk igjen i?
  2. I kva grad seier dei noko om kjønnsroller? Kan gutar oppleve det same? Forklar med faglege omgrep.
  3. Videoen og songen til heiter «Kommentarfeltet». I kva grad gjer sosiale medium det lettare å trakassere – og å stå fram?
  4. «... mange har opplevd å ikke bli hørt. Med #metoo har dette endret seg», skriv redaktør Sarah Sørheim i Aftenposten. Diskuter om slike kampanjar er viktige, og om dei vil føre til varige endringar.




Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • ddefinere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje og diskutere trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg
  • definere omgrepet kultur og gje døme på korleis kultur, kjønnsroller og familie- og samlivsformer varierer frå stad til stad og endrar seg over tid

Lenkjer