Gå saman i grupper og undersøk kva konfliktar som har vore omtalt i nettavisene i den siste tida. Deretter vel kvar gruppe ein dagsaktuell konflikt som dei skal sjå nærmare på.
Arbeidet kan ta utgangspunkt i dei fire spørsmåla under, og resultatet skal vere ein presentasjon for klassen der de bruker kart og digitale verktøy.
- Gjer greie for konfliktsituasjonen: Kva partar er involverte, og kva er målet og motiva deira?
- Gjer greie for bakgrunnen for konflikten: Kva er årsakene til konflikten?
- Gjer greie for opptakten og sentrale hendingar i utviklinga av konflikten: Kva førte til ei tilspissing av konflikten? Kva har eventuelt ført partane nærmare ei løysing?
- Korleis kan verdssamfunnet bidra til å løyse denne konflikten?
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten