Aktuelt

Jordskjelvet i Japan

Fredag 11. mars blei Japan ramma av eit kraftig jordskjelv og ein tsunami som følgje av det kraftige skjelvet. Naturkatastrofen førte til at mange menneskeliv gjekk tapt og til store materielle skadar, og har skapt ein alvorleg humanitær krise i landet.

Diskuter i klassen:

  1.     Kor mykje målte jordskjelvet på Richters skala?
  2.     Kva inntrykk får du av katastrofen og omfanget av han gjennom artiklane (og bileta i artiklane) under?
  3.     Fleire av atomkraftverka i Japan blei skadde etter jordskjelvet.
    •         Kva konsekvensar kan desse skadane få?
    •         Kva synest du om bruken av atomkraft som energikjelde?
  4.     Korleis har den japanske befolkninga reagert på katastrofen?
  5.     Finn ut korleis situasjonen er i Japan no.

 

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • diskutere samanhengen mellom økonomisk vekst, miljø og berekraftig utvikling