Aktuelt

Konflikten i Elfenbeinskysten

Kva skjer i Elfenbeinskysten?

Diskuter i klassen:

  1. Gjer kort greie for konflikten i Elfenbeinskysten: Kva er bakgrunnen for konflikten og korleis er situasjonen i Elfenbeinskysten no?
  2. Analyser bileta av tidlegare president Laurent Gbagbo i artikkelen frå Aftenposten:
    •     Korleis blir Gbagbo framstilt på bileta?
    •     Kva for assosiasjonar gir bileta? Kva for kjensler vekkjer dei?
  3. På kva måte kan bilete bli brukt som politisk verktøy? Diskuter i klassen.

 

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
  • definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet

Biletanalyse av Paul S. Amundsen. Sjå spesielt del 1: ”Biletanalyse – ei innføring” (side 3-11) for tips til og ulike eksempel på biletanalyse.