Politipatrulje

© Chalabala | Dreamstime.com

Væpna politi - fare eller tryggleik?

Auka terrorfare har gitt norsk politi løyve til å bere våpen.

Sidan november i fjor har alle norske politifolk hatt løyve til å bere våpen. Bakgrunnen er den auka terrorfaren, og væpninga skal berre vere midlertidig.

Les innlegget av Robert Mood.

  1. Kva meiner Mood med uttrykk som «militarisert politi» og «vi var trygge fordi vi var ubevæpnet»?
  2. Kva argument kan tale for bestemminga om midlertidig væpning?
  3. SV føreslår ei maksgrense på eitt år for midlertidig væpning. Ville du stemt for eller imot dette forslaget? Grunngi svaret.

Tilleggsspørsmål:

Mange meiner at tiltak mot terrorisme (overvaking osv.) står i strid med demokrati og menneskerettar. Vurder om dette også gjeld vedtaket om midlertidig væpna politi.


Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • … grunngi kvifor samfunnet straffar og vurdere korleis kriminalitet kan førebyggjast
  • diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar

Lenkje