10 år sidan drapet på Benjamin Hermansen
Hugsar du Benjamin Hermansen? Den femten år gamle guten frå Holmlia i Oslo som blei drepen i januar 2001. Drapet vekte eit sterkt engasjement, og tusenvis av menneske over heile landet deltok i fakkeltog for å vise sin avsky mot det rasistisk motiverte drapet. Kva kan vi gjere for å motverke rasisme i det norske samfunnet?