© Katarzyna Bialasiewicz | Dreamstime.com

Opp om morgonen!

Frå 2017 blir det innført aktivitetsplikt for alle sosialhjelpmsmottakarar under 30 år. Det vil seie at ein må vere med i eit opplegg og møte opp kvar dag for å få utbetalt trygd.

Sjå filmen eller les artikkelen.

  1. Kva fordelar kan disse reglane ha? Kan du sjå nokon ulemper?
  2. Kva må til for at eit slikt tiltak skal verke? Nemn krav både til NAV og til trygdemottakarane.
  3. Er dette tiltaket viktig for å bevare velferdsstaten? Grunngi svaret.



Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • forklare hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og vurdere utfordringar ho står overfor
  • gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar ho kan reduserast på